Velkomen

Berit Reinertsen SandvikHausten er over oss på alle måtar, og det betyr også at me er klare for ny innsats og eit nytt tema i Kvitebjørnen.
Denne gangen er det temaet Filosofi og Identitet som står for tur. Eg håpar elevane i løpet av prosjektperioden får større forståing for kva filosofi er, blir betre kjent med nokon filosofar og deira tankar, og sjølv får lov til å filosofere litt rundt ulike tema. Eg gler meg til å følgje dykk via bloggen! Vennleg helsing Berit Reinertsen Sandvik, dagleg leiar i Rasmus Løland-markeringa.

Skriv ut
PDF

Rundar av med collage

Skrive av astrid.

Share/Save/Bookmark

Skulane som har jobba med Kvitebjørn-prosjektet i vekene 41-44 er komne i mål. På Røvær, Sunnylven, Sand, Rennesøy, Undheim og Skånevik skule har dei runda av Kvitebjørn-vekene og fleire har hatt utstilling med collage. I prosessen har elevane filosofert, nokre har jobba med rollespel. Her er nokre av tankane som elevane deler med oss på bloggane sine. For å lesa meir klikk deg inn på den enkelte skulen.

På fredag laga me rollespel om kva som er rett og gale.  Det er ikkje alltid like lett å veta kva som er rett, men innerst inne har du nok di eiga meining om korleis du kan oppføra deg rett eller gale. (Solbjørg, Sand skule)

Me snakka om korleis me kan veta om noko er rett eller gale. Me snakka
om etikk, om rett og gale. Det var kjekt. (Håkon, Sand skule)

Heisann!! Den første veka oppsummerte me det me hadde hatt tidlegare år om Kvitebjørn. Me snakka om filosofi, og Paul les ei bok for oss. Den andre veka hadde me om teikneserie. Me lagde vår eigen teikneserie og skreiv om "Meg" og livet mitt. I dag viste me fram teikneserien vår til klassen og hengde den opp på veggen. Dette har vore kjekt. Helsing Silje (Skånevik skule)

Me har hatt om tre forskjellige emner i dag. Korleis blei verda til, legoklossar, og identitet. Me skal fortelje om legoklossane. Me byrja med å bygge ulike figurar med duplo. Me forklarte korleis den andre personen skulle bygge ein lik ein. Me samanlikna legoen med atomer. Me diskuterte også kvifor lego er verdas mest geniale leiketøy. (Henning og John Even, Røvær skule)

Dette årets Kvitebjørnprosjekt har vore kjekt å jobbe med. Finne på filosofiske spørsmål og lage collage; bruke hjerna og kreativiteten vår. Superdupert ; ) (Elisabet, Sunnylven skule)
Det som var vanskeleg med Kvitebjørnen i år var å vite korleis eg skulle gjere ting. Eg måtte tenkje. (Lars, Sunnylven skule)

I dag så hadde me om myter om jordas skapelse; nokon hadde skodespel, andre teikneserie, det var morosamt! (Kjartan, Eline, Rannveig, Sindre, Undheim skule)

Skriv ut
PDF

Både kjekt og irriterande

Skrive av astrid.

Share/Save/Bookmark

Sunnylven skule er i mål med sine prosjektveker og har hatt utstilling med collage. Sjå bilete på bloggen.

På Røvær, Sand og Skånevik skule har elevane jobba med filosofi denne veka; – Å snakka om spørsmål som er filosofiske kan vera kjekt og irriterande. Det er kjekt å høyra på kva andre meiner, men det er ikkje kjekt når du ikkje får noko svar. Dette seier Ine på Sand skule.
I dag har me filosofert veldig mykje. Me har stilt spørsmålet om korleis verda blei til. Me har lært om greske, indiske, nord-amerikanske, kristne og norrøne skapnadsforteljingar. Gerd Johanne og Marius frå Røvær skule

Skriv ut
PDF

Røvær og Skånevik er i gong

Skrive av astrid.

Share/Save/Bookmark

– Det som er ekstra kjekt i år er at det er samme gruppa som er i lag på trinnet som var i lag på mellomtrinnet då me starta prosjektet i 2008. 5. 6. og 7. klassingane har blitt 8. 9. og 10. klassingar. Dette skriv elevar på Røvær skule, som starta opp med Kvitebjørnen-prosjektet i dag! Les meir om kva elevane skriv på bloggen til Røvær skule og til Skånevik skule.