Rundar av med collage
Skulane som har jobba med Kvitebjørn-prosjektet i vekene 41-44 er komne i mål. På Røvær, Sunnylven, Sand, Rennesøy, Undheim og Skånevik skule har dei runda av Kvitebjørn-vekene og fleire har hatt utstilling med collage. I prosessen har elevane filosofert, nokre har jobba med rollespel. Her er nokre av tankane som elevane deler med oss på bloggane sine. For å lesa meir klikk deg inn på den enkelte skulen.
På fredag laga me rollespel om kva som er rett og gale. Det er ikkje alltid like lett å veta kva som er rett, men innerst inne har du nok di eiga meining om korleis du kan oppføra deg rett eller gale. (Solbjørg, Sand skule)
Me snakka om korleis me kan veta om noko er rett eller gale. Me snakka
om etikk, om rett og gale. Det var kjekt. (Håkon, Sand skule)
Heisann!! Den første veka oppsummerte me det me hadde hatt tidlegare år om Kvitebjørn. Me snakka om filosofi, og Paul les ei bok for oss. Den andre veka hadde me om teikneserie. Me lagde vår eigen teikneserie og skreiv om "Meg" og livet mitt. I dag viste me fram teikneserien vår til klassen og hengde den opp på veggen. Dette har vore kjekt. Helsing Silje (Skånevik skule)
Me har hatt om tre forskjellige emner i dag. Korleis blei verda til, legoklossar, og identitet. Me skal fortelje om legoklossane. Me byrja med å bygge ulike figurar med duplo. Me forklarte korleis den andre personen skulle bygge ein lik ein. Me samanlikna legoen med atomer. Me diskuterte også kvifor lego er verdas mest geniale leiketøy. (Henning og John Even, Røvær skule)
Dette årets Kvitebjørnprosjekt har vore kjekt å jobbe med. Finne på filosofiske spørsmål og lage collage; bruke hjerna og kreativiteten vår. Superdupert ; ) (Elisabet, Sunnylven skule)
Det som var vanskeleg med Kvitebjørnen i år var å vite korleis eg skulle gjere ting. Eg måtte tenkje. (Lars, Sunnylven skule)
I dag så hadde me om myter om jordas skapelse; nokon hadde skodespel, andre teikneserie, det var morosamt! (Kjartan, Eline, Rannveig, Sindre, Undheim skule)

Hausten er over oss på alle måtar, og det betyr også at me er klare for ny innsats og eit nytt tema i Kvitebjørnen. 

