Velkomen

Marny Eg elskar å snakka om Rasmus Løland. Han er så kul og så god til å fortelja og laga historiar!  Eg syns Kvitebjørn-prosjektet er det kjekkaste me har gjort heile skuleåret. Me har blitt mykje klokare dei siste vekene, har brukt fantasien vår og lurer på mykje rart. Dette er elevane sine eigne ord etter første året med Kvitebjørn-prosjektet der forteljing var tema. Klar tale! Hausten 2009 har elevane halde fram med prosjektet og arbeida to veker med fantasi og skaparkraft som tema. Sjå utstillinga som er tilgjengeleg via menyfeltet.  Venleg helsing Marny Skeie Henkel, dagleg leiar i Rasmus Løland markeringa

Fantasi og skaparkraft PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
måndag 26. oktober 2009 08:39

Denne veka startar pilotskulane i kvitebjørnen-undring og læring arbeidet med 7. trinn. I år skal elevane ta utgangspunkt i sitt eige nærmiljø og nytta fantasien og skaparkrafta si for å koma opp med idear til forbetringar. Vekene med prosjektet skal enda opp i ei eiga nettutstilling her på kvitebjørnen.no. Det blir spennande å følgja med elevane dei komande vekene. I Vikedal og Marvik byrja dei i slutten av forrige veke, medan Sunnylven skule tek til i veke 45. Les meir på om kva dei har gjort i Vikedal og Marvik så langt.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 26. oktober 2009 10:18
 
Klare for neste prosjektperiode PDF Skriv ut E-post
søndag 20. september 2009 01:00

Elevar ved Sagvåg skule har jobba med fyrste delen av prosjektet Kvitebjørnen- undring og læring, og dei er nå klare for del to av prosjektet. Elevane har høyrt Løland-forteljingar, og dei har lært å  formidla vitsar og segner og malt og teikna.
Det var gøy å få høyra nye vitsar. Me skulle prøva å hugsa dei andre sine vitsar og sei dei vidare. Då læraren las eit kapittel i ei bok så tenkte eg på korleis det hadde vore viss eg var med i den boka.

Sjå bloggen til Sagvåg skule for fleire inntrykk frå elevane.

Share/Save/Bookmark
 
Sagvåg startar opp i dag PDF Skriv ut E-post
måndag 14. september 2009 01:00

Sagvåg skuleRundt 60 elevar på Sagvåg skule startar opp med kvitebjørnen prosjektet i dag. Skulen kom med i vår og skal jobba med opplegget for 6. trinn før dei følgjer opp med opplegget for 7. trinn saman med dei andre pilotskulane seinare i haust. Følg med på bloggen utover veka.

Share/Save/Bookmark
 
Kven veit tevling med Løland som tema PDF Skriv ut E-post

Kunnskap om Rasmus Løland sitt liv og forfattarskap står sentralt i Noregs Ungdomslag si kunnskapstevling for 2010.

Kven veit? er ei kunnskapstevling der ein får testa allmennkunnskapane sine. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport og underhalding, i tillegg ein tema-del, der kunnskap om Rasmus Løland står sentralt i 2010. Skuleklassar og grupper kan melda seg på Kven veit junior.
Studiemateriell er utvikla av Norsk Barneblad, Rasmus Løland-markeringa og Noregs Ungdomslag. Les meir om tevlinga her. Påmelding innan 15. november til Noregs Ungdomslag

Share/Save/Bookmark
 
Museumsbesøk i Asker PDF Skriv ut E-post

Elevar frå Hvalstad skole på museumsbesøk i AskerHvalstad skole har vore på Asker museum. Der har museumsbestyrar Fredrikke Hegnar von Ubisch fortalt dei om Rasmus Løland, Arne Garborg og Hulda Garborg.
Vi var inne i huset til Arne og Hulda og så at de hadde masse fine gamle bøker som de selv hadde skrevet. Rasmus sitt hus var revet, så da tok vi Petter7spring.

Les meir om kva elevane skriv om besøket og sjå fleire bilete på Hvalstad skule sin blogg

Share/Save/Bookmark
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates