Velkomen

Marny Eg elskar å snakka om Rasmus Løland. Han er så kul og så god til å fortelja og laga historiar!  Eg syns Kvitebjørn-prosjektet er det kjekkaste me har gjort heile skuleåret. Me har blitt mykje klokare dei siste vekene, har brukt fantasien vår og lurer på mykje rart. Dette er elevane sine eigne ord etter første året med Kvitebjørn-prosjektet der forteljing var tema. Klar tale! Hausten 2009 har elevane halde fram med prosjektet og arbeida to veker med fantasi og skaparkraft som tema. Sjå utstillinga som er tilgjengeleg via menyfeltet.  Venleg helsing Marny Skeie Henkel, dagleg leiar i Rasmus Løland markeringa

PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
fredag 31. oktober 2008 09:13

Dei tre døtrene til kjøpmannen_Austbø skule
Dei tre døtrene til kjøpmannen

Her er prinsen! Austbø skule
Prinsen

Eit resultat av prosjektvekene med Kvitebjørnen-undring og læring på Austbø skule er ei dramatisering av "Kjøpmannsdottera og Tartaren”. Dette er ei av forteljingane som Rasmus Løland har samla inn frå andre land.
Elevane skal vise dramatiseringa på elevkveld og i tillegg blir det sang og disko.

- Og vi skal synge ” Splitter Pine” av Dumdum boys. Etter elevkvelden blir det Diskotek. Det kommer til å bli supert så kom om dere vil! Håper dere kommer;)
(henta frå bloggen til Austbø skule)

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert torsdag 12. november 2009 10:48
 
PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
fredag 31. oktober 2008 03:33

Røvær skule

Røvær skule

Lølandskrina som skulane fekk utdelt ved prosjektstart byrjar å få ein særprega utsjånad. På fleire skular har elevane dekorert reiseskrina sine.  Her ser de Røvær skule sitt skrin.

 

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert torsdag 12. november 2009 10:49
 
PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
søndag 19. oktober 2008 15:18

Ingeborg fortel om Løland på motivasjonssamlingDeltakarskular i pilotprosjektet Kvitebjørnen-undring og læring tek i dag til å jobbe med prosjektet som er tenkt å vera i to veker.
Med forteljing og drama som metode skal elevar bli kjende med Løland-tekstar men også jobba med å undra seg og fortelja. I tillegg er det lagt opp til dramatisering. Det pedagogiske opplegget er tverrfagleg og det er opp til kvar av skulane korleis dei vel å leggja opp vekene sine, og kva dei vel å leggja vekt på. I alt er det rundt 200 elevar som kjem til å jobba med ulike Løland-prosjekt og me kan ta del i kva dei gjer på via skulebloggane på denne sida. Her på sida har kvar av skulane sin eigen prosjektblogg som elevane skal oppdatere i løpet av prosjektperioden.


Sist oppdatert tysdag 21. oktober 2008 09:29
Les meir…
 
PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
torsdag 19. juni 2008 20:00

Torkel MyklebustVelkomne som deltakarar i det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen.
Undrande og skapande er stikkord for prosjektet, som har utspring i Rasmus Løland-markeringa 2007 – 2011 og er inspirert av hans forfattarskap.

Føremålet med prosjektet er å stimulera til meir lesing og skriving mellom barn og unge. Dette skal vera eit tverrfagleg prosjekt. Gjennom lesing, forteljing, drama, film, innovasjon og filosofi, skal elevane få kunnskapar og erfaringar innafor KRL, norsk, samfunnsfag, matematikk, naturfag, kunst og handverk.

Elevane skal læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der. Me ynskjer at dei skal vera stolte av staden dei kjem frå, og få lyst til å påverka aktivt utviklinga vidare.

Sist oppdatert søndag 14. september 2008 02:00
Les meir…
 
PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
onsdag 18. juni 2008 20:00

tskjorter Elevar frå Nordland, Møre-og Romsdal, Sør-Trøndelag, Hordaland og Rogaland er påmelde til å delta i det pedagogiske pilotprosjektet Kvitebjørnen - undring og læring i haust.
I vekene 43 og 44 i oktober skal elevar rundt om i landet i to veker jobba med det same pedagogiske opplegget.
I hovudsak er det elevar i 6. trinn som deltek, men på nokre skular blir fleire av trinna tatt med i prosjektperioden.

Deler av prosessen og resultat av prosjektperioden skal dokumenterast på eigne bloggar på denne nettstaden. Skulane har sin eigen blogg og me vil og leggja ut nyheiter frå skulane på denne sida.
Følg med utover hausten og sjå kva som rører seg på skular rundt om i landet med utgangspunkt i Rasmus Løland sine tekstar.

Sist oppdatert måndag 08. september 2008 09:46
Les meir…
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates