|
Skrive av astrid
|
|
måndag 09. november 2009 08:45 |
|


- Den fysiske utstillinga står i gangen, og nettutstillinga ligg på Kvitebjornen.com. Dette prosjektet har vore kjekt. Eg lærte mykje av gatevandringa og då me besøkte museet. Joakim - Det har vore kjekt og holde på med Kvitebjørnprosjektet fordi eg har lært mykje om historier og korleis det såg ut i gamle dagar her på Sand. Utstillinga står i gangen. Me har også lært om innovasjon, det er noko nytt eller noko du kan forbetre. Aslak (Sand skule) - Hei det har vore KKKKKKKKNNNNNNNAAAAALLLL gøy og hatt kvitebjørn!!!! Eg gler meg KJEMPE MASSE t neste gong!!!!!!!!!!!!!!!!!! Nå feirar me med vafler, popkorn og drink! Det er knall godt!! Nora!! (Skånevik skule) - Me held på med eit prosjekt om Undheim i fortid,notid og framtid. Eg og dei eg er med lagar ein model av Undheim i framtida. Me har tenkt oss at framtida vil bringe tog og vindmølleparkar. Det blir spanande med nettutstillinga, for då kan me sjå kva dei andre skulane har gjort. Store forventningar frå Undheim skule. Skriv av Vegard (Undheim skule)- Denne veka har me laga ferdig nettutstillingane og plakatane. Me skal visa utstillinga på den "opne dagen" me skal ha på skulen neste tysdag. Sånn at alle kan bli kjent med Rasmus Løland. På den "opne dagen" skal me samla inn penger til ein barneheim i Bolivia. May Lise (Undheim skule)
At det ligg mykje arbeid bak ei utstilling, både fysisk og på nett, er heilt sikkert. Elevane i Kvitebjørnprosjektet har jobba fram modellar/prototypar heilt frå idéstadiet til ferdig utstilling. Her har dei hatt fritt spelerom når det gjeld kva dei kunne tenkja seg å få til i nærmiljøet sitt dersom dei kunne bestemma. På bloggane til skulane kan du følgja heile prosessen og under nettutstillinga kan du nå ta del i resultata frå mange av skulane. Det kjem fleire etterkvart som skulane blir ferdige med sine prosjektperiodar.
|
|
Sist oppdatert måndag 09. november 2009 10:34 |
|
|
Skrive av astrid
|
|
tysdag 03. november 2009 10:35 |
|


- Det var kjekt å arbeide med å lage frabrikk for me kunne finne opp kva me ville og lage eit bygg med fantasien vår. Amalie (Sand skule) Det står ikkje på fantasien til elevane i Kvitebjørn-prosjektet når dei får frie tøylar til å tenkja ut nye idear for lokalsamfunnet sitt. Den siste veka har elevane på skulane som er komne i gong med prosjektet, blitt betre kjende med sitt nærmiljø. Dei har vandra rundt, fotografert og høyrt om korleis det var å leva i bygda før i tida. Ta ein kikk på skulebloggane for å få vite meir om kva som rører seg på skulane desse vekene. Medan ein del av skulane rundar av med utstilling i slutten av denne veka, har nokre av deltakarskulane måtta utsetja prosjektet nokre dagar grunna sjukdom. Strand planlegg å starta opp i veke 46. |
|
Sist oppdatert tysdag 03. november 2009 11:23 |
|
Ny kunnskap og friske idear |
|
|
|
|
Skrive av astrid
|
|
torsdag 29. oktober 2009 08:36 |
|
-I dag gjekk me i grupper og fann på masse idear. Me kom fram til ein kjekk ting som alle på gruppa likte. Det var eit leikestativ med huske og sklie. Me kom ganske langt med å laga modellen, men er ikkje heilt ferdige. Me lagar resten neste måndag. Beate, Anita Elisabeth og Daniel (Vinjar)
- I dag har me fortsett med å laga modellar til "framtida vår". Me har kome veldig langt. I dag har me limt masse og modellane begynnar å bli ferdige.. (Marvik)
- Me snakka om korleis Undheim var før i tida og korleis det er nå og korleis det kanskje kjem til å verta i framtida. Me fekk sjå bilete av korleis skulen og Undheim såg ut før. Me kom med heilt crayzy idèar. Det var kjekt å begynna med Rasmus igjen. Me gler oss til å lesa andre sine blogg. I morgon skal me ta mykje, og då meinar me mykje bilete av Undheim. Oda (Undheim)
- Me gjekk vidare opp til Lølandssteinen. Den flate steinen som ligg ved sida vart og kalla "kyssesteinen" fordi nokre jenter før i tida satt der og kyssa med gutane. Mikkel (Sand) - Me lærte også at det var vanleg å flytta hus fra plass til plass før. Av og te flytta dei husa ganske langt, over fleire mil. Tim (Sand) - Etter mat skulle med møta Ingvar Olimstad,. Han fortalde oss om den tida det blei bygd Folkehøgskule, Arbeidsskule og internatbygningar til desse skulane. Nede ved Eidssjøen fortalde Ingvar at Knut Hovden begynte som lærar og hadde faget i rosemaling. Skulen blei kjend i heile Noreg. Skulen blei kjend fordi Knut var ein populær malar, og alle ville læra av han. Oddbjørn (Sand)
Elevane i Kvitebjørnen-undring og læring er godt i gong med å auka kjennskapen til eige lokalsamfunn og koma opp med friske idear til å betra nærmiljøet. Gå inn på bloggane for å få fyldigare informasjon om kva dei ulike pilotskulane jobbar med. |
|
Sist oppdatert tysdag 03. november 2009 11:25 |
|
Blir kjende med nærmiljøet |
|
|
|
|
Skrive av astrid
|
|
onsdag 28. oktober 2009 08:49 |
|

-Hei, i dag var me ute i bygdo våras og tok bilder. Me åt litteraturlunsj og teikna bilde frå Ein fisketur. Synnøve (Skånevik).-
- I dag har vi vore på museet i Vikedal. Då var vi i røykestova vi høyrte om gamle bedrifter eks. stenhogging. Eli Opsal var guiden vår. Vi så på gamle ting og var i røykståva og drakk varm saft. Vi såg hvordan folk levde i gamledager og skrev med blekk. Hilsen Nicolai og Bjørn Halvard (Vikedal)
- I gamledagar hadde me eit slakteri der sporten er nå. Og så hadde me eit fargeri som står der Fargeriet er nå. Nå er Fargeriet ein kafè. Me hadde også eit bakeri. Det har me ennå. I gamle dagar når dei ikkje hadde bil kom dei seg fram av med å gå, sykla og ta båt. Torunn (Sand)
- Me har vore nede ved Imslandssjøen. Me har blogga etterpå. Me var på ei gamal krambu. Ola (Imsland) - Imslandssjøen var eit senter før. Folk kom roande frå Skipavåg, Kvaløy og Finnvik. Dyra blei sende med båt til slakteriet i Stavanger. Ole
Å bli kjende med sitt eige lokalmiljø er ein viktig utgangspunkt for årets pedagogiske opplegg. Korleis var det før samanlikna med i dag. Elevane skal sjå på nærmiljøet sitt med positive blikk og sjå om det er noko dei kan gjera enda betre. Ta ein kikk på bloggane til skulane for å lesa meir om kva dei har funne ut. |
|
Sist oppdatert torsdag 29. oktober 2009 12:00 |
|
Skrive av astrid
|
|
måndag 26. oktober 2009 20:07 |
|
- Me har lyst å få ridehall på Mo i vikedalsdalen". (Vikedal) - I dag har eg teikna Vikedal motorbane føst i arbeidsboka og deretter på ein stor plakat.. (Vikedal) - Vi har snakket om gamle dager, nåtid og fremtid på Røvær. - Idag har me teikna skisser over det me skal laga. Det var vanskeleg å sjå det føre seg korleis det kunne verta, men løye å fantasera. (Marvik) - Me har teikna om Imslandsjøen, og me har sett ein liten film. Og har snakka om kva som var der nede før, og kva som kan verta i framtida. (Imsland) - Det spesielle med Sand er Suldalslågen, Lølandssteinen og fin natur. Før produserte me nøkkelost, men nå er meieriet nedlagt. Og me har heilt nyoppussa skule! (Sand)
Det er tydeleg at det er aktivitet rundt om på skulane. Medan nokre framleis er på idéstadiet, er andre komne eit stykke lengre i prosessen. Ta ein kikk på bloggane deira og følg med på Siste nytt på framsida der alt som rører seg på bloggane vert registrert. |
|
Sist oppdatert måndag 26. oktober 2009 22:27 |
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |