Prosjektskildring PDF Skriv ut E-post
søndag 22. juni 2008 03:10

LolandbjednesteinenI forprosjektet til Rasmus Løland-markeringa 2007-2011 er det gjort framlegg om å laga eit pedagogisk opplegg som kan få elevane til å reflektere over eige nærmiljø, kultur, og lokalt næringsgrunnlag, med tanke på eige engasjement og involvering. Dette er altså ikkje primært eit leseprosjekt eller ei lesesatsing, men me ønskjer å nytta Løland sine tekstar for å skapa refleksjonar og haldningar.  Me definerer satsinga som eit kulturelt danningsprosjekt der me nyttar ei samfunnsorientert tilnærming til Løland sin litteratur.

"Undrande og skapande" er visjonen Løland-markeringa har teke i bruk for å karakterisera forfattaren og mennesket Rasmus Løland. Ei viktig utfordring for prosjektet vert å ta utgangspunkt i bornas fantasi og undring og lata kreativitet og skaparkraft få utfalda seg med lokal kultur og identitet som grunnlag. Dei ulike samarbeidspartnarane som har sagt ja til å vera med, vert viktige i arbeidet med å realisera prosjektet, men me ønskjer og å dra inn skule, kultur- og næringsmiljøa i den einskilde region og kommune.
Gjennom satsinga ”Kvitebjørnen – undring og læring” er det eit mål å la elevane læra med utgangspunkt i eigne observasjonar og opplevingar. Elevane skal både bruka og utvikla vidare det dei lærer.
 
Som i Kunnskapsløftet er det lagt vekt på å gje elevane kompetanse til å tileigna seg kunnskap sjølve. Gjennom ulike arbeidsmåtar skal elevane si evne til undring og til å stilla spørsmål stimulerast. Ulike arbeidsmåtar, som observasjonar, kjeldegransking, refleksjon og drøfting, gjev rom for å "fremja både lojalitet overfor det nedarva og lyst til å bryta nytt land"
Med å ta i bruk ulike arbeidsmåtar som forteljing/drama, innovasjon, utstilling, filosofi, film og lesing,  vil satsinga òg ivareta dei grunnleggjande ferdigheitene som blir fokuserte på i Kunnskapsløftet. Progresjonen i satsinga skal tilpassast utviklinga til den einskilde eleven og elevgruppa, med fokus på utfordringar og tillit til eigne evner.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 29. juli 2008 03:25
 
RocketTheme Joomla Templates