Målgruppe PDF Skriv ut E-post
søndag 22. juni 2008 03:11

Gutar foto:Jan NordtveitProsjektet rettar seg mot elevar i  6. - 10. trinn. Desse skal delta i prosjektet i fem år, til dei går ut av grunnskulen.
Kvart år skal det arbeidast med ulike tema med utgangspunkt i tekstar av Rasmus Løland. Ved hjelp av ulike metodar skal det innanfor kvart tema arbeidast mot fastsette mål for at elevane skal lære å forstå sitt eige lokalsamfunn.

Konsulentane som er hyra inn til å utarbeida dei pedagogiske opplegga for dei ulike klassetrinna sit med spisskompetanse i kvart av sine fagområde. Ved bruk av metodar som forteljing, drama, innovasjon, utstilling, filosofi, film og leseprosjekt skal elevane i løpet av fem år jobba med tema som; forteljaren, fantasi og skaparkraft, identitet, før og nå, eige liv og lesing. Under desse tema vil ein dekkja område som; namn og språkutvikling, tilhøyrsle, varsling, sosial kompetanse, demokrati, globalt perspektiv, kultur som næring, rett og urett, og bli bevisste lesarar.
Prosjektet er tverrfagleg og har nynorsk som reiskap i alle fag, ikkje berre norskfaget. Elles vil fag som norsk, samfunnsfag, KRL, naturfag, matematikk, kunst og handverk og musikk bli involvert.
Målet med prosjektet er å utvikla ein nynorsk pedagogisk ressurs som kan brukast av fleire og som vil stimulere til meir lesing og skriving blant barn og unge, fortrinnsvis på nynorsk. I tillegg vil det bidra til etablering av eit nasjonalt nettverk mellom prosjektskular og –elevar.

Prosjektet er eit nynorskprosjekt, akkurat som Løland var ein nynorskforfattar, og prosjektet er ope for alle elevar (både nn og bm), akkurat som Løland kan lesast av alle.
Innhaldet i det pedagogiske opplegget vil bli utarbeida på nynorsk og tekstgrunnlaget for prosjektet er henta frå novellesamlinga ”Gutar” av Rasmus Løland. Elles er alle hjelpemiddel og nettstad på nynorsk. Dette gjer at elevar med nynorsk som hovudmål kan identifisera seg med sitt eige språk både i tekstlesing og på nett.

For bokmålsskular som deltek i prosjektet, vil elevane bli kjende med nynorsk som eit naturleg språk i så vel tekstsamanheng som til bruk på nettet.
Medan sidemålsopplæringa vanlegvis startar for elevar i 9. trinn, vil bokmålselevar som deltek i Kvitebjørn – prosjektet bli kjend med det nynorske skriftspråket allereie i 6. trinn.

For praksisskular som deltek i prosjektet er det eit godt høve til å lære frå seg nye metodar for formidling av nynorsk på ein positiv måte. Ved lesing av klassiske tekstar (Løland sine noveller)  kombinert med moderne og teknologiske arbeidsformer – vil dei få kjennskap til ei aktualisering av nynorsken.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 09. september 2008 04:07
 
RocketTheme Joomla Templates