Målsetjing PDF Skriv ut E-post
søndag 22. juni 2008 03:12

lolandvegenHovudmålet med det femårige prosjektet: Å læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der, å gjera elevane stolte av staden dei kjem frå og la dei aktivt kunne ta del i og påverka utviklinga vidare. Dette er ein raud tråd i satsinga. Dette er også eitt av koplingspunkta opp imot Kunnskapsløftet: Fostring skal byggja ut kulturarven, slik at han både gjev perspektiv og retning for framtida (s. 4).

Konsulentane som er hyra inn til å utarbeida dei pedagogiske opplegga for dei ulike klassetrinna sit med spisskompetanse i kvart av sine fagområde og i løpet av desember skal utkast til pedagogiske opplegg for dei fem klassetrinna vera klar. Ved bruk av metodar som Forteljing, Innovasjon, Utstilling, Filosofi, Film og Leseprosjekt skal elevane i løpet av fem år jobba med tema som; forteljaren, fantasi og skaparkraft, identitet, før og nå, eige liv og lesing. Under desse tema vil ein dekkja område som; namn og språkutvikling, tilhøyrsel, varsling, sosial kompetanse, demokrati, globalt perspektiv, kultur som næring, rett og urett, og bli bevisste lesarar.

I tillegg til å invitera skular frå Rogaland er skular over heile landet  inviterte til å delta i pilotprosjektet. Det pedagogiske prosjektet blir utarbeida på nynorsk og tekstmaterialet til Rasmus Løland, som er grunnlag for prosjektet, er på nynorsk. For skuleklassar som ikkje har nynorsk som morsmål, kan dette prosjektet vera ein god måte å bli kjend med nynorsk på ein naturleg måte utanom den ordinære sidemålsopplæringa.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 09. september 2008 03:10
 
RocketTheme Joomla Templates