Evaluering PDF Skriv ut E-post
søndag 22. juni 2008 03:13

TFlogoEvalueringa skal utførast av Telemarksforsking i Bø.
Prosjektet skal ha oppstart hausten 2008 og det er ynskjeleg med ei følgeevaluering, der prosjektet blir vurdert frå start til slutt. Dette av di det er avgjerande å sikre læring og erfaringsoverføring undervegs, slik at prosjektet skal ha større høve til å lukkast til slutt. Evaluering undervegs vil også gje eit sikrare datatilfang, ettersom informantane vil ha sine erfaringar friskt i minne.

Telemarksforsking-Bø er eit regionalt forankra forskningsinstitutt med om lag 25 forskarar. Instituttet tar på seg oppdrag lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og har hovudfokus på 5 strategiske fagområde. Arbeidet med evalueringa vil vere forankra i Senter for natur- og kulturbasert nyskaping og fagområdet kulturforsking.
Telemarksforsking-Bø er eit sterkt evalueringsmiljø med nærmare 120 gjennomførte evalueringar sidan 1990. Mellom desse er fleire evalueringar av stadutviklingsprosessar og verkemiddel i kulturpolitikken.
Senter for natur- og kulturbasert nyskaping er framfor alt eit miljø med brei kompetanse knytt til stadutvikling tufta på lokale ressursar, som kultur, natur og menneske. Den breie erfaringa frå utviklingsarbeid er viktig fundament for følgeevalueringar, og gir den lærande dimensjonen i slike evalueringar ekstra tyngde.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert torsdag 11. september 2008 09:02
 
RocketTheme Joomla Templates