Blir kjende med nærmiljøet PDF Skriv ut E-post
Skrive av astrid   
onsdag 28. oktober 2009 08:49

Lunsj på Peparen

-Hei, i dag var me ute i bygdo våras og tok bilder. Me åt litteraturlunsj og teikna bilde frå Ein fisketur. Synnøve (Skånevik).-

- I dag har vi vore på museet i Vikedal. Då var vi i røykestova vi høyrte om gamle bedrifter eks. stenhogging. Eli Opsal var guiden vår. Vi så på gamle ting og var i røykståva og drakk varm saft. Vi såg hvordan folk levde i gamledager og skrev med blekk. Hilsen Nicolai og Bjørn Halvard (Vikedal)

- I gamledagar hadde me eit slakteri der sporten er nå. Og så hadde me eit fargeri som står der Fargeriet er nå. Nå er Fargeriet ein kafè. Me hadde også eit bakeri. Det har me ennå. I gamle dagar når dei ikkje hadde bil kom dei seg fram av med å gå, sykla og ta båt. Torunn (Sand)

- Me har vore nede ved Imslandssjøen. Me har blogga etterpå. Me var på ei gamal krambu. Ola (Imsland)
- Imslandssjøen var eit senter før. Folk kom roande frå Skipavåg, Kvaløy og Finnvik. Dyra blei sende med båt til slakteriet i Stavanger. Ole

Å bli kjende med sitt eige lokalmiljø er ein viktig utgangspunkt for årets pedagogiske opplegg. Korleis var det før samanlikna med i dag. Elevane skal sjå på nærmiljøet sitt med positive blikk og sjå om det er noko dei kan gjera enda betre. Ta ein kikk på bloggane til skulane for å lesa meir om kva dei har funne ut.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert torsdag 29. oktober 2009 12:00
 
RocketTheme Joomla Templates