|
Ny kunnskap og friske idear |
|
|
|
|
Skrive av astrid
|
|
torsdag 29. oktober 2009 08:36 |
|
-I dag gjekk me i grupper og fann på masse idear. Me kom fram til ein kjekk ting som alle på gruppa likte. Det var eit leikestativ med huske og sklie. Me kom ganske langt med å laga modellen, men er ikkje heilt ferdige. Me lagar resten neste måndag. Beate, Anita Elisabeth og Daniel (Vinjar)
- I dag har me fortsett med å laga modellar til "framtida vår". Me har kome veldig langt. I dag har me limt masse og modellane begynnar å bli ferdige.. (Marvik)
- Me snakka om korleis Undheim var før i tida og korleis det er nå og korleis det kanskje kjem til å verta i framtida. Me fekk sjå bilete av korleis skulen og Undheim såg ut før. Me kom med heilt crayzy idèar. Det var kjekt å begynna med Rasmus igjen. Me gler oss til å lesa andre sine blogg. I morgon skal me ta mykje, og då meinar me mykje bilete av Undheim. Oda (Undheim)
- Me gjekk vidare opp til Lølandssteinen. Den flate steinen som ligg ved sida vart og kalla "kyssesteinen" fordi nokre jenter før i tida satt der og kyssa med gutane. Mikkel (Sand) - Me lærte også at det var vanleg å flytta hus fra plass til plass før. Av og te flytta dei husa ganske langt, over fleire mil. Tim (Sand) - Etter mat skulle med møta Ingvar Olimstad,. Han fortalde oss om den tida det blei bygd Folkehøgskule, Arbeidsskule og internatbygningar til desse skulane. Nede ved Eidssjøen fortalde Ingvar at Knut Hovden begynte som lærar og hadde faget i rosemaling. Skulen blei kjend i heile Noreg. Skulen blei kjend fordi Knut var ein populær malar, og alle ville læra av han. Oddbjørn (Sand)
Elevane i Kvitebjørnen-undring og læring er godt i gong med å auka kjennskapen til eige lokalsamfunn og koma opp med friske idear til å betra nærmiljøet. Gå inn på bloggane for å få fyldigare informasjon om kva dei ulike pilotskulane jobbar med.
|
|
Sist oppdatert tysdag 03. november 2009 11:25 |