|
Skrive av astrid
|
|
tysdag 03. november 2009 10:35 |
|


- Det var kjekt å arbeide med å lage frabrikk for me kunne finne opp kva me ville og lage eit bygg med fantasien vår. Amalie (Sand skule) Det står ikkje på fantasien til elevane i Kvitebjørn-prosjektet når dei får frie tøylar til å tenkja ut nye idear for lokalsamfunnet sitt. Den siste veka har elevane på skulane som er komne i gong med prosjektet, blitt betre kjende med sitt nærmiljø. Dei har vandra rundt, fotografert og høyrt om korleis det var å leva i bygda før i tida. Ta ein kikk på skulebloggane for å få vite meir om kva som rører seg på skulane desse vekene. Medan ein del av skulane rundar av med utstilling i slutten av denne veka, har nokre av deltakarskulane måtta utsetja prosjektet nokre dagar grunna sjukdom. Strand planlegg å starta opp i veke 46.
|
|
Sist oppdatert tysdag 03. november 2009 11:23 |