|
Skrive av astrid
|
|
måndag 09. november 2009 08:45 |
|


- Den fysiske utstillinga står i gangen, og nettutstillinga ligg på Kvitebjornen.com. Dette prosjektet har vore kjekt. Eg lærte mykje av gatevandringa og då me besøkte museet. Joakim - Det har vore kjekt og holde på med Kvitebjørnprosjektet fordi eg har lært mykje om historier og korleis det såg ut i gamle dagar her på Sand. Utstillinga står i gangen. Me har også lært om innovasjon, det er noko nytt eller noko du kan forbetre. Aslak (Sand skule) - Hei det har vore KKKKKKKKNNNNNNNAAAAALLLL gøy og hatt kvitebjørn!!!! Eg gler meg KJEMPE MASSE t neste gong!!!!!!!!!!!!!!!!!! Nå feirar me med vafler, popkorn og drink! Det er knall godt!! Nora!! (Skånevik skule) - Me held på med eit prosjekt om Undheim i fortid,notid og framtid. Eg og dei eg er med lagar ein model av Undheim i framtida. Me har tenkt oss at framtida vil bringe tog og vindmølleparkar. Det blir spanande med nettutstillinga, for då kan me sjå kva dei andre skulane har gjort. Store forventningar frå Undheim skule. Skriv av Vegard (Undheim skule)- Denne veka har me laga ferdig nettutstillingane og plakatane. Me skal visa utstillinga på den "opne dagen" me skal ha på skulen neste tysdag. Sånn at alle kan bli kjent med Rasmus Løland. På den "opne dagen" skal me samla inn penger til ein barneheim i Bolivia. May Lise (Undheim skule)
At det ligg mykje arbeid bak ei utstilling, både fysisk og på nett, er heilt sikkert. Elevane i Kvitebjørnprosjektet har jobba fram modellar/prototypar heilt frå idéstadiet til ferdig utstilling. Her har dei hatt fritt spelerom når det gjeld kva dei kunne tenkja seg å få til i nærmiljøet sitt dersom dei kunne bestemma. På bloggane til skulane kan du følgja heile prosessen og under nettutstillinga kan du nå ta del i resultata frå mange av skulane. Det kjem fleire etterkvart som skulane blir ferdige med sine prosjektperiodar.
|
|
Sist oppdatert måndag 09. november 2009 10:34 |