Open dag PDF Skriv ut E-post
Skrive av Margun Vesterøy Eide   
onsdag 11. november 2009 22:15

Rasmus Loland ser utstillinga

Open dag

Tysdag 10.nov. hadde me "Open dag" på skulen. Då var foreldre, besteforeldre, tanter, onklar - ja alle, velkomne til skulen vår. Me hadde pilkast, utlodning, skopussing, kafè ....... Vår klasse hadde Rasmus Løland quiz, sal av laga kort med Løland sitat og gjetting av vekt på Rasmus Løland-bøker. Sjølvsagt viste me fram den flotte utstillinga vår "Fantasi og skaparkraft". Mange synest me hadde vore flinke. Då blei me stolte.


Folk er interesserte


I går viste me utstillinga vår til folk på Onnai. Dei likte utstillingane våre. Me hadde modellar av ting. Eg hadde laga framtidas cola. Det var også modell av Onnai i framtida.

Skrive av Tormod


Rannveig skriv:

Me hadde utstilling av plakatar på innsamlingskvelden.  I tillegg selde me kort med setningar som Rasmus Løland skreiv.  Me hadde og quiz om Rasmus Løland.  Det var mangen som hadde rett på quizen.  Me trakk ut ein vinnar.  Me som var med på kvelden var elevar frå 5. - 10.trinn.  Ungdomsskulen laga mat til alle.  Mellomtrinnet hadde konkurransar med premie til.

 

 

Takk for oss for denne gong.  Me har lært mykje og gjort mykje kjekt.Wink

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert fredag 13. november 2009 12:41
 
RocketTheme Joomla Templates