Nå er me ferdig med prosjektet og i dag har me hatt Open dag på skulen, med utstilling av alt me har halde på med innan Kvitebjørn-prosjektet. Me laga til ein stand der elevane stod og viste og fortalde. Det har vore eit interessant og lærerik prosjekt, og bloggane elevane har skrive viser at dei synes dette har vore veldig kjekt!
Nokre av bloggane frå siste arbeidsdag: * I dag måtte me bli ferdig med å laga modellen av fornøyelsesparken. Eg hadde det kjekt men eg stressa litt. Me klarte å bli ferdig. * Eg synes dei på gruppa vår var flinke. Me blei ferdig med modellen av badelandet. * I dag blei me ferdig med modellen vår, og eg blei veldig fornøgd. * Eg synes me har jobba bra. Me blei ferdig i tide og har laga det me hadde tenkt. Me skal stilla dette ut så alle kan få sjå. * I dag skal me stilla ut det me har laga. Eg trur folk kommer til å bli fornøgde med alt me har laga. * Me har bygd modellar av eit kjøpesenter og gamleskulen. Me brukte papp og laga park ved sida av senteret. * Me har laga modell av Jensaneset pg foreslått at der kan vera ei sandstrand. Det har vore veldig kjekt. * No er me ferdig og me er fornøgd med gocart-banen. * Me har gjort ferdig badestranda vår og no er me klar til utstilling. Håpar folk synes det er ein god idè.
Sist oppdatert fredag 04. desember 2009 12:17
Sagvåg skule
Hei og velkomen til Sagvåg skule!
På denne sida kan du ta del i kva som hender i Kvitebjørn-prosjektet på vår skule.
Kontaktpersonar for deltakarelevane Hildegunn Heimro hildegunn.heimro@stord.kommune.no og Aasne Vikanes aasne.vikanes@stord.kommune.no Trinnleiar er Anne Elisabeth Trevland anne.elisabeth.trevland@ stord.kommune.no Rektor: Lars Bakka