|
Skrive av astrid
|
|
fredag 13. november 2009 12:26 |
|

- Tysdag 10.nov. hadde me "Open dag" på skulen. Då var foreldre, besteforeldre, tanter, onklar - ja alle, velkomne til skulen vår. Me hadde pilkast, utlodning, skopussing, kafè ....... Vår klasse hadde Rasmus Løland quiz, sal av laga kort med Løland sitat og gjetting av vekt på Rasmus Løland-bøker. Sjølvsagt viste me fram den flotte utstillinga vår "Fantasi og skaparkraft". Mange synest me hadde vore flinke. Då blei me stolte. (Undheim skule) - Dette prosjektet har vore kjempekjekt og spanande. Me har jobba for harde livet for å bli ferdig, men det gjekk bra. Alle har jobba godt og effektivt. Dei fleste har laga modell, eller produkt av prosjekta sine. Me har jobba i mange forskjelige timar, blant anna kunst og handverk, RLE, natur og miljø og samfunnsfag. (Marvik skule)
Foreldre, søsken og lokalbefolkning er i det siste blitt inviterte til open dag på fleire av deltakarskulane i Kvitebjørnen-prosjektet. Resultatet av prosjektvekene er fargerike skisser av idear og flotte prototypar. Elevane har henta inspirasjon frå fortida og jobba med idear for framtida. Sjå meir detaljar på nettutstillinga.
|
|
Sist oppdatert måndag 16. november 2009 09:20 |