|
17.11.2009
Stor bygdefest med full gymsal.
7. klasse framførte skodespelet Ein skuletime med Johan Veka, og klassen hadde også ein utstilling av modellar av framtidige leikeapparat for Vinjar barneskule. Sjå NETTUTSTILLING !
Bloggar:
Skuespelet gjekk kjempebra. Nokre micar funka ikkje, men elles bra! Eg trur folk likte utstillinga. Eg var med å laga huske-trampoline og eit Dambrett. Det synest eg blei fint. Håkon
Då me skulle ha førestilling, var eg veldig nervøs. Men ikkje så nervøs som då me skulle spela for Levekårsutvalet. Me skulle snakka litt i begynnelsen, og då blei eg ikkje så nervøs. Eg skulle snakka litt langt ute i skuespelet. og då fekk eg venda meg til publikum. Malene
...Skuespelet gjekk ganske bra. Publikum lo av og til, og det er bra! Magnhild
I skodespelet var alle gamle ungar, men me hadde våre eigne namn, utanom Terje, for han var ein gammal lærar som er død nå, som heitte Johan Veka. Då hadde me ein vanleg skuletime, og me sat på gamle pultar. Det gjekk kjempebra, synest eg. Det var ganske mange som lo, så derfor var det sikkert bra. Lilly
Skuespelet ...
Me glømte ditt og datt, men ingen viktige ting. Det gjekk med andre ord strålande!
Men det kjekkaste var nok fyrverkeria. Dei var veldig fine.
Solbjørg
...Heile salen var full av folk, og på slutten var det mykje flotte rakettar. Store kaker var der og! Ola
...Det var kjekt å laga klatrestativ, ... det var kjekt å spela skuespel. Walter
Me framførte skodespel for ca 500 folk. Det var kjekt. Eg blei litt nervøs, men det gjekk bra. Eg hadde på meg ei kufta og eit strikkaskjørt. Elisabeth
|