Den nye Imslandssjøen Skriv ut
Skrive av Inger Linn   
måndag 23. november 2009 08:30

BESØK TIL DET NYE IMSLANDSSJØEN-OMRÅDET

Då båten køyrte mot kaien og stoppa måtte eg bare seie  wow!
Imslandssjøen hadde jammen forandra seg sidan sist eg var her!
Eg tok med meg bagasjen og gjekk av båten, eg stod på kaien og  speida utover kysten. Midt utpå var det ein enorm bygning. Kva kunne det vere? Men så kom eg på at det måtte nok vere hotellet, eg hadde planlagt alt eg skulle gjere på førehand, det stod mykje informasjon, og det var mange bilder av alt me kunne gjere på nettstaden Imsland.info.

Det stod mange båttaxiar ved kaien, eg bestemte meg for å sjekke inn på hotellet først, og så begynne på all moroa. Eg gjekk bort til ein av båtane og spurte om han kunne køyre meg til hotellet. ”Ja, selvfølgeleg”, svara han høflig, Eg stig om bord i ein flott liten båt ,og så køyrde han meg ut til hotellet. Det var rett utpå kysten, så det gjekk raskt.
”57 kroner blir det”, sa mannen. Eg blei overaska, for det var jo ein kort tur... Men han fekk få dei pengane då. Eg betalte og gjekk av båten. Då eg stod på den store plattingen framføre hovud døra  og såg opp på hotellet, visste eg at denne veka ville bli topp!

Eg gjekk over plattingen, opp trappa og inn den store døra. Så kom eg inn i ein stor resepsjon, i taket var det som ein mørkeblå stjernehimmel, i hjørnene var det sofaar og bord, og golvet var gjennomsiktig, slik at ein kunne sjå på fiskar som sømde under hotellet. Så utrolig kult, eg stod og studerte sjøen under golvet ei lang stund. Plutseleg såg eg ein som dykka nedi der!
Hallo, sa ei stemme. Eg såg opp og der stod det ein som jobba på hotellet.
”Er du Inger Linn?”  ”Ja”, svara eg. ”Likar du å dykke?” spurte han. Eg har aldri prøvd, svara eg. Det kan du få prøve om du vil, -det kostar 50 kroner for ein dykkartur under hotellet. ”Åh, så stilig… det må eg prøve, men eg har ikkje tid nå”.  Eg gjekk bort til resepsjonen og sjekka inn på hotellet.
Eg fekk eit nøkkelkort og gikk opp på hotellrommet mitt, det var minst like fint som alt det andre! Eg sette bagasjen på rommet, og gjekk ut igjen,
inn i resepsjonen og ut hovuddøra. Det var mange båttaxiar og eg gjekk bort til ein av dei. Denne gangen slapp eg å betale, eg berre viste nøkkelkortet mitt, og så køyrte han meg over.
Eg gjekk av båten og opp på kaien,  så gjekk eg bort til den store båten eg hadde reist til Imslandssjøen med. ”Hei,” sa eg til ein vakt som stod om bord.
Hallo fekk eg til svar. ”Det var eg som hadde med meg ein hest..” begynte eg
Han nikka fort på hovudet og forsvann inn i båtstallen.
Då han kom til bake hadde han med seg Lenda, den 8 år gammle Nordlandshest hoppa mi. ”Han leidde henne inn i ein hestetransport som sto på kaien og så begynte han å lasta inn alt utstyret mitt. ”Hopp inn!” sa han då han var ferdig. Eg satte meg inn i bilen og så køyrte han oss til Kita hestesenter.
Eg hadde lest om det på internett og det skulle vere ein flott stall med fleire leigestallar. Då han stoppa begynte han å ta alt utstyret mitt ut av bilen mens eg leide Lenda ut av transporten. Susanne, ho som eigde ridesenteret kom mot oss. ”Hei!” sa ho smilande ”Og velkomen til Kita hestesenter”, ”hei, hei” svara eg.
Så spurte ho meg om det var eg som var Inger Linn, ”Ja” svara eg.
Susann gjekk bort til Lenda og strauk ho over nakken, nydeleg hest du har sa ho.
”Ja” sa eg og såg på Lenda. ”Kom så skal eg vise deg stallen hennar.” Sa Susanne.
Eg og Lenda fulgte etter ho inn i ponni stallen på ein fin sti, det var to store bygningar, den eine dobbelt så stor som den andre, ”der er hestestallen” sa Susann og peika på den minste av bygningane i motsett retning av den stallen dei gjekk inn i.
”Og her”, sa Susann ”her er ponnistallen og ridehallen.” ”Så fint det er her” sa eg til Lenda, men Lenda var bare opptatt av dei andre hestane som var i stallen.
Susann gjekk bort til ein av dei tomme boksane, eg la merke til at det sto Lenda med ei fin skrift på boksskiltet.
Eg leide ho inn i boksen og ho fant seg fort til rette. ”Og du veit vel at her blir ho mata morgon og kveld så du treng ikkje bry deg om det.” sa Susann. Ja, det veit eg. Susann rekte meg eit ark og ein blyant, kryss av her på kva fôr ho skal ha og kor mykje. Eg kryssa av på litt av kvart, Lenda skulle tross alt og ha ferie!
Då eg gav Susann arket igjen og såg på klokka blei eg overaska over kor mykje ho var, klokka var allereie halv 3 og eg skulle ha ridetime klokka 4. Kor er utstyret mitt? Spurte eg Susann.
Ein av hestepassarane har laga plass til deg på salrommet, kom så skall eg vise deg! Eg fulgte etter Susann, me gikk inn i sal rommet og så viste ho meg kor Lenda sitt utstyr hang.
Og om det er noko du treng hjelp til eller lurar på er det berre å spørja ein av stallarbeiderane, dei går rundt omkring i stallen heile tida.
Forresten, i morgon er det nattritt om du vil vere med så kan du melde deg på til meg nå. Ja, eg blir med eg svara eg. Flott, då skriv eg deg ned, her har du eit ark med litt informasjon sa Susann og gav meg arket.
Nå må eg gå, det er nokon som skal ha ridetime, forresten ridetimen blir på ridebanen i dag sidan det er så fint vêr! Flott! Sa eg, eg møter deg klokka fire!

Eg gjekk bort til boksen til Lenda og Susann gjekk ut av Ponnistallen, Lenda hadde blitt kjent med sidekameraten sin og sto og lukta på den svarte Islandshesten, eg las på namneskiltet at han heite Jupiter.
Eg gjekk litt rundt i stallen og såg meg rundt, eg gjekk inn i eit lite rom der det var 6 shetlandsponniar! Dei var så søte, så når klokka var blitt 3 gjorde eg meg og Lenda klar til ridetimen.
Ridetimen var kjekk og veldig lærerik, Susann er såå flink!
Då eg hadde stellt og strigla og sagt hade til Lenda gjekk eg bortover mot kaien, klokka var allereie halv 7, så eg bestemte meg for å tilbringe resten av kvelden på hotellet.
Eg viste ein båtsjåfør nøkkelkortet mitt, og så køyrte han meg over til hotellet. Eg gjekk inn, måtte stoppe litt og sjå ned i golvet før eg gjekk opp ei trapp. Der oppe var det biljardbord og andre spel, der var og datamaskinar og mykje anna. Eg gjekk inn på ein datamaskin, stakk inn nøkkelkortet og så starta han. Eg logga inn på MSN, og facebook.
Der snakka eg med alle vennene mine kor fantastisk eg hadde det her på Dråpen Hotell og kor fint det var på Kita hestesenter, og at i morgon skal eg på badelandet. Eg gikk innpå Imsland.info og såg på bildene frå badelandet. Det var visst solarium i taket og vatnet var kjempe varmt. Og alle dei kule skliene! Så eg gledar meg! Og så gledar eg meg til Nattrittet også! Eg hadde lese på lappen at klokka 12 om natta skulle alle møtast med hestane oppsala i ridehallen. Så skulle me ri ei løype gjennom skogen, midt på svarte natta! Leiarane har hengt ut ”spøkelaser” og fleire skumle ting. Me skulle og finne nokon postar, håpar eg blir kjent med nokre andre hestejenter også!
Denne dagen gjekk kjempe fort!

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert måndag 23. november 2009 08:39
 
RocketTheme Joomla Templates