Blogg 1. desember PDF Skriv ut E-post
Skrive av Lars Fivelstad   
tysdag 01. desember 2009 13:48

Alt-mogleg bil

Vi arbeidar med modellane våre no. Vi lagar alt frå teknisk tavle til flygande hus. Nokre av ideane er veldig gode. Vi brukar både papp, plastilin, lego og gips. Vi målar, teiknar og formar modellane våre. Modellane blir veldig fine. Det er veldig kjekt og arbeide med dette. Vi arbeider også flittig med nettutstillinga vår. Vi har delt det inn i to grupper, samferdsle og skule. Vi har hatt om skule og samferdsle i fortid, notid og framtid. For oss er det veldig morosamt og jobbe med dette. Sjette og femte klasse er også med oss og arbeider. Men det er berre sjuande klasse som skriv blogg og lagar nettutstilling.

Kvitebjørnen er morosamt!

I kvitebjørnen har vi arbeida med samferdsle og skule. I samferdsle har vi hatt om den gamle postvegen. Postvegen var veldig vanskeleg før i tida. Dei måtte gå over eit fjell som heiter Ljøbrekka. Vi har også hatt om sjøvegen. Alt frå dampbåtar til ferjer. I skule har vi hatt om dei gamle skulekrinsane på Hellesylt. Vi har hatt om då det var omgangsskule og om den skulen vi har i dag. Vi har også hatt om skulen i framtida.

Dette blir ikkje den siste bloggen frå oss!
 

Anette og Terese.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 01. desember 2009 14:03
 
RocketTheme Joomla Templates