|
SISTE BLOGG FRÅ 7. KLASSE PÅ SUNNYLVEN SKULE |
|
|
|
|
Skrive av Lars Fivelstad
|
|
søndag 13. desember 2009 12:40 |
|
No er vi ferdige med kvitebjørnen. Her er ei lita oppsummering av det vi har gjort: Vi har hatt om samfedsle og skule. Vi høyrde forteljing om ein fisketur. Vi høyrde også historia om bjednekniven. Begge historiane var kjekke. Vi har besøkt gamleskulen her i bygda. Vi har også sett på den gamle postvegen her på Hellesylt. Det var morosamt. Vi har også hatt om framkomst på vatnet. Vi såg på skule og samferdsle i fortid, notid og framtid. Det var svært interessant å sjå kor mykje betre skulane er no, enn før. Når vi hadde om framtida, laga vi modellar. Det var det kjekkaste synes vi elevane. Når vi hadde om notida tok vi bilete av vår vidunderlege skule. Etterpå laga vi nettutstilling som blei veldig bra. Du bør sjå den!! Det har vore ei fin tid med kvitebjørnen. Alle vi i klassa gler oss til å ha kvitebjørnen neste år!
Vi sjåast!!!
Helsing oss i 7 klasse:
Elisabet, Jarl Vegard, Kristin, Sigurd, Terese, Lars, Anette, Jørgen, Irene, Ola Tobias og Anne Grete.
Denne bloggen er skriven av Anette og Terese
Sunnylven skule. 
|