Utstilling på julefesten PDF Skriv ut E-post
Skrive av Lars Fivelstad   
onsdag 30. desember 2009 20:12



Som de kan sjå av den siste bloggen frå elevane, har arbeidet med Kvitebjørnen i haust både vore inspirerande og kjekt. Arbeidet enda opp med ei nettutstilling og ei fysisk utstilling. Denne siste inneheldt både teikningar, bilete, tekstar om emna elevane hadde arbeidd med - og ikkje minst fine og fantasifulle modellar.
Gjennom teikningane og modellane fekk elevane gje uttrykk for korleis dei kunne tenkje seg framtidsløysingar både for skulen vår og for samferdsla i bygda.
Utstillinga var fyrst montert i eit klasserom, men vart i samband med juleavslutninga flytta til vestibylen på skulen. Då kunne både foreldre, besteforeldre, syskjen og mange andre få studere arbeidet som elevane presenterte.
Arbeidet med Kvitebjørnen har vore gjevande og interessant også for lærarane som har hatt ansvaret i haust.
Vi vil såleis få takke for eit flott opplegg i haust, og ser fram til framhaldet neste skuleår.
Vi ønskjer og eit godt nytt år til dykk alle!

Med helsing,
oss på mellomsteget ved Sunnylven skule.

Share/Save/Bookmark
 
RocketTheme Joomla Templates