Brakanes
To nye tekstar PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Hjelmevoll   
fredag 06. november 2009 17:03

Her kjem det to tekstar til som er ferdige. Dei er ei modernisering av "Fisketuren"  og "Nils gjekk til skogs".

FisketurenLaughing

Det var ein gong 4 guter som skulle på fisketur . Dei kjeda seg så veldig så Anton foreslo at dei kunne dra på fisketur. Siden ingen hadde  ein betre ide, så  gjorde dei det. Dei fire heitte: Magnus, Svein, Trond og Anton. Dei var i alderen 8-13 år gamle. 
Det var Anton som hadde båt, det var ein 9,9 hestars båt, og Svein hadde lånt fiskestengene av faren sin . Det var  ein skyfri himmel.
Då  dei hadde komme ein stykke ut, så begynte dei å fiske. Men dei fekk berre ein liten fisk som dei bare kasta, dei skulle lenger ut. Det gjorde dei, men dei hadde ikkje betre fiskelykke no heller.
 Trond (som var 13 år og hadde vert der for å fiska før) foreslo at dei  heller skulle lenger ut . Dei reiste litt lenger ut og da blei det fisk ja. Dei fekk heile 14 fisker.
 Nå ville dei reise tilbake men dei fant ikkje vegen heim. Og det var ingen som hadde mobil heller. Dei to minste( Magnus og Svein) begynte å grine. Dei største kunne ikkje trøste dei minste heller for det såg veldig mørkt ut.
 Anton såg ein øy i det fjerne, ikkje akkurat stor men sånn passe stor. Det var skog på den også. Dei bestemte seg for å gå i land der. Dei fortøyde båten med å legge ein stein på tauet.
 dei tok med oss alt det dei hadde av proviant og anna utstyr som fyrstikker og eit gammalt telt som låg i bunnen av båten. Dei satte opp teltet, det var så vidt dei fikk plass i det alle fire. Dei begynte med ein gong å dele seg opp i grupper, den eine skulle sanke ved og den andre skulle finne fersk vatn.
 Vedgruppa fant  fin tørr ved og vatngruppa fant ein liten kulp med fersk vatn. Nokså sultne var dei også så dei stekte eit par av fiskane og åt dei. Dei la seg i teltet like etter dei hadde spist. Dei sovna nesten med ein gong.
 Slik gjekk det da i eit par dagar ,men fisken begynte å minka veldig fort. Så dei måtte snart tenka på å komma seg hjem . Foreldrene var nok veldig redde for dei. Dei hadde jo vore borte i over 3 dager no. Trond som var størst køyrde ut med båten kvar dag for å finne vegen heim ,men han fann aldri vegen heim. Men så ein dag dei berre sat på stranda og såg ut på sjøen, så såg dei ein politibåt som kom. Dei ropte og skreik for at båten skulle sjå dei. Dei såg dei så den henta dei heim  til foreldrene sine. Dei fekk nesten ikkje kjeft i det heile tatt dei fekk derimot ros for at dei hadde overlevd på den øya i 3 dager.     

Lars Eirik

Nils som gjekk til skogsLaughing

Det var ein gong ein gut som heitte Nils. Han skulle på tur og plukka blåbær. Han hadde ikkje lov til og gå til skogen, men han gjorde det likevel. Når han hadde komme langt inn i skogen fann han berre små blåbær. Etter ei stund blei han lei og hadde tenkt å gå heim,
men han fann ikkje vegen heim. Då vart han redd, for han hadde gått nesten alle plassar. Så såg han ein sti som han trudde var vegen heim, men etter ei stund fant han ut at det var feil veg.
Plutseleg såg han noko som lea seg i busken. Han gjekk nærmare. Det var ein bjørn. Nils klatra opp i eit tre. Han såg at bjørnen hadde det vondt. Han låg og vrei seg. Plutseleg såg han ein bil. Det var ein Jeep. Dei stoppa framfor bjørnen og så såg dei Nils og spurde kva han gjorde oppi treet.
Han sa han var redd bjørnen. Nils spurde kva dei heitte. Dei sa at dei heitte Per og Adam. Dei spurde kva han heitte. Han sa han  heitte Nils. Nils lurte på kva dei gjorde her.
Dei sa at dei skulle bedøve bjørnen. Då klatra Nils ned frå treet og hjalp dei å få bjørnen ned til jeepen. Og så køyrde dei av garde. Straks etter merka dei at dei sat fast i gjørma. Dei spurde Nils om faren hadde traktor.
Ja, sa han men han sa at han ikkje visste vegen heim .Adam og Per spurde om han budde på ein gard. Ja, sa han. Dei sa at dei kjørde forbi ein gard når dei kjørde inni skogen.
Han spurde kva veg han skulle gå og dei sa han skulle følgje spora etter jeepen. Og det gjorde han. Etter ei stund såg han heimen sin. Han gjekk inn i huset og sa til faren at det var ein jeep som hadde hengt seg fast i gjørma inn i skogen. Han sa at faren måtte komma med traktor.
Og so for dei inn i skogen og  so kom dei til jeepen. Dei hang eit tau i jeepen og drog jeepen opp.
Dei takka faren for at han drog jeepen opp og sa dei skulle til dyrehagen med bjørnen. Og so for Nils og faren heim og åt mat.


Håkon, Bjørnar og Andreas

7.klasse på Brakanes skule

Sist oppdatert fredag 06. november 2009 20:06
 
Nashornet PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Hjelmevoll   
torsdag 05. november 2009 08:44

Brakanes skule den 05.11.09.Smile

No nærmar det seg at forteljingane som er ei modernisering av Rasmus Løland sine tekstar vert ferdige. Me held no på med å laga nokon illustrasjonar til forteljingane. Desse skal me stilla ut i kveld på ein fleirkulturell kveld på skulen.
Dei to tekstane som me legg ut idag er ei modernisering av forteljinga "Nashornet" av Rasmius Løland.

Det falske nashornet Laughing

Det var ein gong i året 2033 at 4 gutar og 4 jenter budde i ein ikkje så veldig stor by. Dei var kjærestar og gutane hadde ein kul  motorsykkel,merke: Harley Davidson. Alle var mellom 15 og 16 år gamle. Gutane var tøffe og kule og heitte: Jonas, Kristian, David og Gunnar. Jentane var fisefine, snille, greie og heitte : Ashley , Seline ,Caroline og Victoria. Ein gong på ein varm Sommardag hadde alle veldig lyst på ein piknik saman med kjærestane sine, og køyrde med motorsyklane til ein fin plass opp i skogen . Der sat dei og åt ,prata og lo til det var mørkt.
Så kom Gunnar på ein ide at dei kunne jo fortelje nokre skumle historiar. Victoria begynnte og då ho var ferdig knakk det ein kvist rett  bak dei 8 ungdomane. ”Kva var det?” spurte Ashley. ”Ha’kkje peiling,” svarte Kristian og såg rundt seg.
”Sjå, der nede står det eit nashorn!” ropte Gunnar og sprang nedover for å sjå om Nashornet var ekte.”Ikkje gjer det !” skreik Seline ” Tenk viss det er ekte og følgjer etter deg! Du bringer oss i fare!!!” ” Neida, eller har du kanskje sett eit Nashorn i fri natur i Norge før?!” Jonas lo. ”Nei selvfølgeleg ikkje men...” Plutseleg blei ho dratt vekk av nokon som sto bak henne. ”Hjeeeelp!” skulle ho skrika men det gjekk ikkje, ho hadde nemlig ein våt vaske-klut inni munnen.
” Kor hen er Seline blitt av ?” spurte David. ” Kanskje tatt av Nashornet”, svarte Ashley ironisk, ho likte ikkje Seline  så veldig godt.
Da Gunnar kom opp igjen  frå Nashornet heldt han ein  kvist i handa. ” Sjekk da folkens, eg knakk av hornet til Nashornet vårt!” ”Så det var liksom ikkje noko Nashorn der nede?” spurte Caroline litt engsteleg ” Nei, selvfølgeleg ikkje!” svarte Kristian og la armen beskyttande rundt ho.   ” Kor er Seline ?” spurte David ein gong til
” Eg veit kor ho er…!” høyrte dei 7 ungdomane ei stemme bak seg. Alle snudde seg og såg inn i ansiktet  til ein gammal stygg mann ca. 60 år. Han var bestefaren til Seline ,det visste alle,  han heldt ein sekk med noko inni i lufta. ” Slepp sekken med eingong!” ropte Gunnar og stillte seg foran bestefaren.
Han gjorde det og sprang vekk. Ingen gadd å springe etter han fordi  Selina ramla uskada ut av den. ” Går det bra med deg?” spurte David og hjalp henne ut.  ” Jaja!”  Svarte ho og begynnte å fortellja kva som hadde skjedd.
Etter ei stund pakka dei tingene sine saman og køyrde heim att.
Alt hadde tross alt gått bra, og dei tenkte at dei aldri kom til å gløyma denne dagen.

Anna

Det store nashornet Laughing

Det var 4 gutar som skulle på tur. Gutane heitte Gunnar, Kristian, David og Jonas. Dei bestemte seg for å ta med seg jentene dei var forelska i. Dei var i 15-16 års aldreren.Gunnar tok med seg Selina, Kristian tok med seg Caroline, David tok med seg Victoria og Jonas tok med seg Ashley. Gutane hadde kvar sin motorsykkel (Harley Davidson).
Dei kjøyrde langt til skogs, og det tok ganske lang tid å køyra, fordi dei køyrde nesten heilt opp på eit fjell. Dei følgde ein sti-veg, og fant seg ein stein å sitta på. Dei skulle ha piknik i lag. Gunnar og Selina hadde ordna med maten,og Caroline tok med eit teppe som dei kunne sitte på.
David og Victoria gjekk litt vekk for å prata om ein liten overaskelse dei hadde med seg. Overaskelsen var ei kake,masse brus, chips og masse anna. Dei hadde med seg eit kjempestort teppe som alle sammen kunne ha over seg når dei fraus. Dei starta å frysa, på grunn av det blei jo fort mørkt og kaldt. David og Victoria kom tilbake og la seg under teppet, og det gjorde dei andre og. Dei spiste og koste seg heile kvelden med alt det dei hadde med seg. Selina høyrde plutseleg ein ekkel lyd utanfor teppet dei låg i, ho høyrde att den kom nærmare. Straks etter sette Selina i eit hyl. Dei andre rakk ikkje å reagere før ho vart dregen ut av teppet etter beina.
Tyvane stakk av med ho på Gunnar sin Harley Davidson-sykkel, men det godtok ikkje Gunnar. Han og Jonas tok ein sykkel kvar og for etter Selina. Selina datt av sykkelen. Ho vart heldigvis ikkje skada. Dei kom tilbake og Selina la seg ned for å kvila. Like etterpå skreik Ashley. Ho skreik :,, NASHORN!!!” Jonas var dem tøffaste og modigaste så han sjekka om det var sant. Jonas sa til Ashley : ,, Har du nokon gong sett eit nashorn i naturen i norge ? herre Gud! eit fritt nashorn? Det der er falskt.! ” Han sprang ned til ”nashornet” gjekk forsiktig bort, tilfelle det var eit anna dyr som bare ligna på eit nashorn, og knakk pinnen som skulle forestilla hornet. Han skreik : ,, Falsk Alarm!!!! Det var ikkje nok…. Han blei dradd vekk av nokon. Til og med Gunnar vart redd no. Han og dei andre gutane skulle tøffa seg for jentene. På paling ned etter Jonas for dei på rekke og rad. Jentene kom etter i sneglefart fordi dei var små fise-fine pyse-jenter. Gutane ropte på jentene att dei skulle komma ned til dei. Jentene møtte på ein 80 år gammal mann med minst 1,5 meter langt skjegg, og han sa : vist dekan leiter etter nokon unge, og kjekke gutar, så må de gå nokon meter lenger inn i desse buskane og ta stien til høgre. Jentene gjorde som han sa. Den gamle mannen begynte å le, og sa til seg sjølv: for nokon lettlurte drittungar. Dei kom bare til ein blindveg, midt inne i skogen.Gutane ropte til jentene: me har Jonas!” Victoria svarte: Ok, men me finn ikkje vegen heim att! Gutane kom bort til jentene og gutane møttest ein plass inne i skogen, så sprang dei heim att. Det var ein ganske lang tur heim igjen, fordi dei var veldig langt inne i skogen då dei kom heim att til plassen dei sov på la seg under teppet.  Dei la seg til og sova no etter alt som hadde skjedd. Dei hadde hatt ein strålande dag med fint vær og masse god mat, untatt det dramatiske som skjedde!
-Dei kom aldri til å Gløyma denne dagen!

Lena

7.klasse på Brakanes skule

Sist oppdatert torsdag 05. november 2009 11:40
 
onsdag PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Hjelmevoll   
onsdag 28. oktober 2009 12:46

I dag har me skreve om Rektoren.
Det er ein moderne historie om Lensmannen.
Helsing:Jakub, Sverre og AbubakarCool

i dag har eg skreve om fisketuren som stranda på ei øde øy
av Lars Eirik

I dag har me skrive på historien  "Nils som gjekks til skogs" og tegna til historien.
Hilsen Bjørnar og Håkon og AndreasCoolTongue outSurprised

I dag har me skreve ferdig historien vår. Me skreiv om " Det store nashornet", bare at me moderniserte den litt. Me skreiv om : 8 ungdommar ( 4 jenter og 4 gutar ) som reiste til skogs med Harley Davidson ( motorsykkel.) og hadde piknik. Den blei KJEMPEKUL! Laughing Me skreiv den ut, og Anne Marit retta historien vår!Kiss

Helsing Lena og Anna.

I dag har me skreve på historien vår. Vi kom halvegs, Me skrive om ''Kvite Bjørnen'' berre at me har modernisert ein god del. Slik at kvitebjørnen har blitt til ein sportsbil og istaden for Troll har vi tenkt for oss Robotar. Helsing Jonas Og Sebastian! :)

Sist oppdatert onsdag 28. oktober 2009 16:47
 
Samandrag 26.oktober Brakanes PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Hjelmevoll   
tysdag 27. oktober 2009 10:26

Eit samandrag av elevane sin logg frå den første dagen.

I dag har me begynt med Kvitebjørn-prosjektet igjen. Anne Marit leste fyrst ei historie som heitte ”Ein fisketur” den var skriven av Rasmus Løland. Den handla om 4 gutar som alltid fekk kjeft for alt dei gjorde. For viss dei ville gjera noko bra for familien som for eksempel å slå graset på taket med ljå, fekk dei kjeft for at dei kunne skada seg. Dei gjekk ned til fjorden og stal fiskeutstyret og båten til Velom.
Då dei var ute på fjorden, fekk dei ikkje ein einaste fisk. Så dei rodde endå lengre ut, og plutseleg såg dei eit sjøuhyre. Dei trudde det var ein sjøorm. Så kom det ein båt, det var mannen som dei hadde ”lånt” båten av. Han tok båten på slep mens dei sat oppi båten. Han sa at det var ei nise dei hadde sett. Då gutane kom heim, sneik dei seg inn og fortalde ikkje noko.
Etterpå snakka me om historia. Så snakka me om at me syns at historiene som Rasmus Løland hadde skrive var litt gamaldagse. Sebastian kom med ein ide. Ideen var å fornya historiene hans. Dei skulle moderniserast. Denne ideen fann me ut at me ville gjennomføra.

Tekstane som me skal fornya er:
Nashornet : Anna og Lena
Ein fisketur : Lars Eirik
Kvitebjørnen: Sebastian og Jonas
Nils som gjekk til skogs: Andreas, Bjørnar og Håkon
Lensmannen: Sverre , Jakub og Abubakar

7.klasse på Brakanes skule

 

 
Akvarellar og besøk PDF Skriv ut E-post
Skrive av Brakanes skule   
tysdag 10. februar 2009 14:55

Marny besøkte Brakanes skule i Ulvik, 8. januar.
Abubakar, Anna, Lena, Lars Eirik, Jakub, Håkon, Andreas, Abdirisak, Jonas, Sebastian, Bjørnar. Dei hadde laga akvarellar som de ser under.


Akvarell


Akvarell 

Akvarell 

Akvarell 

Akvarell 

Akvarell 

Akvarell

Akvarell

Akvarell

 

Dette skriv Marny frå besøket:
Dei fortalde meg at prosjektet hadde vore kjekt, dei hugsa godt om gutane Pål, Gunnar, Kolbein, Andres, om forteljinga om veren og tordivelen Då var det naturleg å snakka om kor godt det gjer å hjelpa andre. Vi snakka om bekafanten og kor løye det var å høyra når han fantaserte og laug. Desse fire gutane fann av og til på ting som var litt skumle og kanskje litt farlege. Det er veldig freistande å tøya grensene nokre gongar. fortalde eg om noko eg hadde gjort då eg var barn, men hysj, det var ikkje lov, så elevane lova å ikkje fortelja det til nokon. Nokre elevar fortalde om litt skumle og farlege ting dei hadde gjort, men dette fortel vi ikkje til nokon!

 

Sist oppdatert torsdag 18. juni 2009 07:40
 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates