|
Skrive av Gunn Bjørg Slåtto
|
|
torsdag 12. november 2009 20:08 |
|
Onsdag denne veka var siste dag med Kvitebjørn-prosjektet i denne omgang. Vi har jobba i 3-4 veker med dette, 1-2 timar 3-4 dagar i veka. Det har vore ein prosess, så det har vore greitt å ha det over lengre tid. Resultatet har vi hengt opp i klasserommet, så er det synleg for alle som vil sjå kva vi kan venta oss i framtida på Halvøya. Utstillinga kan de sjå på Nettutstilling her på Kvitebjornen og på skulen si heimeside.

Logg frå elevar: Dette prosjektet har vore kjempekjekt og spanande. Me har jobba for harde livet for å bli ferdig, men det gjekk bra. Alle har jobba godt og effektivt. Dei fleste har laga modell, eller produkt av prosjekta sine. Me har jobba i mange forskjelige timar, blant anna kunst og handverk, RLE, natur og miljø og samfunnsfag. På onsdag den 11/11 var dagen der me skulle visa dette frem, og me planla i mange dagar før. Først ringde Gunn Bjørg til Kjølvikstølen for å invitera pensjonistane, men dei kunne ikkje komma. Så fann me ut me kunne invitera familiane våre og venner. Me laga vafler, saft og kaffi, annonserte "ope klasserom" onsdag 11.11. kl 15.00-17.00.
 Det kom ganske mange, og alle studerte utstillinga, skrøytte og kosa seg med vafler. Mamma tykte det var kjempekjekt! (Kristin) Veslesøster mi sa det var kjempegode vafler. (Merete) Pappa sa det var fint og gleda seg til nytt reiskapshus!! (Mia) Farmor sa det var kjempeflott, ho var veldig imponert. (Linda) Mor var einig i ridesenterplanane mine, ho tykte me måtte ha fleire ridestiar og ridebanar, og ho ville gjerne ha jobb hos meg. (Marita)
Skrive av Margarita, Martin, Merete, Marita og Linda
|
|
Sist oppdatert måndag 16. november 2009 09:17 |
|
|
Fortid-nåtid-framtid torsdag 5.11 |
|
|
|
|
Skrive av Gunn Bjørg Slåtto
|
|
torsdag 05. november 2009 15:55 |
|
Ein liten oppdatering frå Marvik: Me klarer ikkje slutta av oppgåva med modellar og prototypar, me får nye idear heile tida! Og elevane set familien i sving på kveldstid med spøting, hekling og diverse! Så me kjem ikkje i mål med utstillinga denne veka. Nå reknar me med at den er i orden etter skuletid mandag, så då kjem nettutstillinga på plass på tysdag. Eg håpar dette vert slik. Elevane har også fått i oppgåve å plassera seg sjølv inn i modellen sin, framtidsplanane sine, og så laga ei forteljing, og det er blitt mykje spanande lesestoff! Eg håpar me får nokre av dei ut på bloggen her. |
|
Fortid-nåtid-framtid tysdag 03.11. |
|
|
|
|
Før - nå - framover Mandag 2.11.09. |
|
|
|
|
Skrive av Gunn Bjørg Slåtto
|
|
måndag 02. november 2009 19:21 |
|
I dag har eg laga Hebbakk Slakteri på dataen. Eg redigerte bildet mitt på Gimp. Det var litt vanskleg å redigera det, fordi eg ikkje er vane til Gimp. Eg hadde bilete av gaFden min, så limte eg inn eit bilete av eit av slakteria til Fatland. Eg viska ut skiltet til fatland og kalla det Hebbakk Slakteri. Eg kalla det for Hebbakk Slakteri fordi det ligg på Hebnes i Bakken. Eg starta med prosjektet mitt i dag, men eg rakk å bli ferdig. Eg syntest det var kjekt og spanande å jobba med. Til slutt laga me utstilling.
Camilla
~ ~
I dag i 3. timen begynte me med Kvitebjørnprosjektet igjen. Eg låg godt an med det, så eg tok det litt roleg, men blei fort ferdig. Det eg tenkte spesielt mykje på, var kven som skulle komme og sjå på utstillinga. Då eg blei ferdig med prosjektet, hjalp eg Camilla og Idunn med deira prosjekt, fordi dei har vore sjuke og hadde ikkje fått gjort så mykje. Desse 3 skuletimane gjekk veldig fort. Eg syns at dette alt i alt har vært ein kjekk dag med prosjekt og utstilling.
Lene
~~
I dag begynte me på Kvitebjørnprosjektet igjen. Eg hadde bare noko tekst å skriva, så det gjekk fort. Eg lurte på kven som skulle sjå på prosjektet. Eg trur det er nokon frå der me bur som skal komma og sjå på prosjektet. Eg blei ferdig me utstillinga i god tid. Eg syns dette var kjekt, fordi dette har me ikkje gjort før, og me kan på ein måte gjer kva me vil. Eg håper at dei som ser på prosjekta, syns at prosjektet mitt er fint.
Martin
~~  
I dag har me jobba med Kvitebjørnprosjektet i 3,4 og 5 time. Det var kjekt når me skulle leggja det fram til utstilling og når me laga ting. Det var litt slitsomt når me skulle skjera arka, og når me limte på ting, sidan det tok så lang tid til limen blei varm! Og det var veldig mange som skulle lima, så då tok det litt lang tid. Ellers så har det godt veldig greit med det me har gjort i dag, men me er ikkje heilt ferdige. Ida syns det har vore kjedeleg sidan ho fekk det ikkje heilt til, men ellers greitt! Timane har gått ganske fort sidan eg har ikkje blitt ferdige med det eg laga. Idunn syns det var ganske kjekt fordi eg fekk lim når den var varm og eg fekk limt ganske fort. Men eg syns det var litt kjedeleg å laga utstillinga.
Idunn og Ida Linnea |
|
Fortid-nåtid-framtid tysdag 27.10. |
|
|
|
|
Skrive av Gunn Bjørg Slåtto
|
|
tysdag 27. oktober 2009 15:59 |
|
Tysdag 27 okt.
I dag bygde me vidare på prototypane og lagde etikettar på data. Det blei litt vonde fingrar i dag òg, fordi limpistolane var til stades. Me syns dette er kjekt og spanande tema. Marita var tilbake heldigvis, med bandasjert hand!

Tekst og bilder : Margarita, Ingvild og Bengt.
 |
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |