|
Kven var det som sa at Løland-prosjektet bare skulle vara i 2 veker?
Her på Rennesøy er me litt tomme i dag, både elevar og vaksne. Er det alt over? Skal me ikkje fortsetja på måndag? Det var så mykje meir me skulle gjort, så mykje meir me skulle fortalt og så mykje meir me ville høyrt. Og me let oss så menn ikkje styra! Litt til skal me nok få til i veke 46, har me vaksne bestemt.
Tankar og idear som kjem frå elevane sine Lølandsloggar inspirerar til meir undring og læring.
Berre høyr kva elevane seier dei vil ha meir av:
- Eg ville tatt litt meir bilete. Eg ville at me skulle ha lese høgt frå Lølandsloggane våre. Eg ville høyrt fleire historiar frå "Gutar"
- Eg hadde likt viss me hadde teikna meir, for eg liker å teikne.
- Eg ville fått vita meir om Rasmus Løland.
- Eg hadde likt å fortelja meir løgnhistoriar fordi eg har meir i hovudet.
- Eg ville skrive meir i loggen og funne på setningar til forteljingar.
- Eg skulle ønska me laga meir historier.
......og høyr kva dei har lært:
- Eg har lært at viss du mistar noko så fantaserer du om det at det er så fint, men når du finn det igjen, er det ikkje så fint alikevel.
- Eg har lært å lytta.
- Eg har lært å hugsa forteljingar.
- Eg fekk vite at Rasmus Løland var syskenbarnet til den eine oldemora mi.
- Eg har blitt flinkare til å fortelja forteljingar.
- Eg har lært å fortelja for klassen og at det ikkje er så vanskeleg som det høyres ut som.
- Eg har lært å hugsa betre.
- Me har lært å lyga, men det kan jo alle frå før av!
Ein elev konkluderer med at:
"Rasmus Løland var ein forfattar. Eg tykte han var ein god forfattar. Han mala med ord, og då måtte me mala med fargar".
ETTER SLIKE GULLKORN SEIER DET SEG SJØLV AT ME MÅ HALDA FRAM MED SLIK EIN GOD MANN! (Me vil til Suldal, vil til Suldal med det same!)
|