Sand
Kvietbjørnen 6. november 2009 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Aslak, Amalie og Joakim   
søndag 08. november 2009 17:57



I dag starta me med at Magni snakka om innovasjon og kva me hadde lært. Så tok eg opp nokre dukar frå kunst og handtverk. Deretter var eg med å laga den fysiske utstillinga i gangen. Me hang opp plakatar og ordna prototypane slik at utstillinga vart fin. I utstillinga har gruppa mi laga ein underjordisk Lølandspark. Utstillinga har også med ein utekino på stranda, eit strandtorg og den nye brusfabrikken.

Det var også nokre elevar frå klassen som arbeidde med ei utstilling på nettet. Der har dei lagt ut bilde og tekst av det me har arbeidd med i dette prosjektet. Den står på kvitebjorn.com. Det har vore kjekt og holde på med Kvitebjørnprosjektet fordi eg har lært mykje om historier og korleis det såg ut i gamle dagar her på Sand. Utstillinga står i gangen. Me har også lært om innovasjon, det er noko nytt eller noko du kan forbetre.

Aslak.

     
I dag gjekk me gjennom det me har arbeidd med i prosjektet så langt. Me hadde gjort eit problemstillingskjema i lekse som me leverte inn. Etterpå gjekk me i gruppene. Eg gjekk på data og ordna bilda som me skulle ha på nettutstillinga. Eg fann bilde, redigerte dei, kopierte dei og skreiv tekst til bilda.

Den andre gruppa limte bilde og tekst på plakatar og hengde dei opp over utstillinga vår. Eg synest at det har vore kjekt å byggja bygg og å finne meir ut om korleis det var på Sand i gamle dager.  

Amalie


I dag har me vore på dataen og lagt ut bilde fra Kvitebjørnprosjektet på nettutstillinga. På gruppa mi var det Mikkel som gjorde det fordi eg skjønte det ikkje heilt. Me gjorde dette i går også. Tidlegare har me laga ein prototype av strandkinoen vår.  Alle prosjekta klassen vår har arbeidd med er utekino, brusfabrikk, strandtorg og ein underjordisk Lølandspark. Den fysiske utstillinga står i gangen, og nettutstillinga ligg på Kvitebjornen.com. Dette prosjektet har vore kjekt. Eg lærte mykje av gatevandringa og då me besøkte museet. 

Joakim

 
Kvitebjørnen 5. november 2009 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Mikkel og Sjoerd   
søndag 08. november 2009 17:40

I dag var mi gruppe(fem stykke) på dataen for å laga nettutstillinga. Den første timen fann me bilde me ville visa på sida til Kvitebjørnen. Bilda me valde ut måtte me redigera med å først skjera til bil detog etterpå bestemma storleiken. Storleiken kunne ikkje vera større enn 1000 pixel. Til slutt lagra me bilda i  mappa "utstilling" og kryssa ut bildet som me hadde lagra. Då kom det opp ei rute som spurde om me ville lagre bildet, men me hadde lagra det frå før, så me trykte på "ikkje lagre". I neste time fortsette me litt med å finna bilde me ville ha. Etterpå lasta me bilda inn på Joomgallery. Me måtte skriva ein liten tekst til kvart bilde om kva det viste og kva tinga på bildet var. Me på datagruppa måtte bestemma tekststorleik, farge og skrifttype. Me kom fram til at tekststorleiken skulle være 14, fargen skulle vera svart og skriftypen skulle være verdana. Me hadde avstemning om kva me skulle ha. Eg fekk tid til å skrive om eit bilde før timen var over. Eg skreiv om bildet av prototypen vår, altså kinoen på stranda. Me skulle heim så eg kunne ikkje sjå korleis det blei med skrifttypen "verdana", men det kan eg gjera ein annan gong.

Den andre gruppa skreiv om prototypane me og dei hadde laga i samarbeid og jobba med den fysiske utstillinga.

Mikkel 

 

I Kvitebjørnprosjektet i dag så skreiv me  om prototypen vår til utstillinga. Me skreiv det me hadde brukt. Eg og Peterson brukte trepinnar, ispinnar, maling, sand, papp og lim. Nokon av oss skreiv ikkje fint nok, så me måtte skriva om igjen. Me limte det me hadde skrive på eit anna ark slik at det skulle sjå fint ut. Etterpå me hadde limt det på eit anna ark, pynta me arka. Eg pynta det med eitt smil og mange former. Vebjørn strauk dukane for at dei skulle bli fine. Torunn og Tim skreiv også. Torunn pynta arka med maling. Aslak limte skissa si på ein stor kartong og skreiv om prosjektet sitt. Me har modellane oppe i gangen og har begynt å laga det som utstilling, men nokon dukar er ikkje på plass, og plakatane manglar. Eg synest det var kjekt og jobba med modellane våre og uttstillinga. 

Den andre gruppa var på data og laga nettutstilling til Kvitebjørnsidene.

Sjoerd

 
Kvitebjørnen 4.november 2009 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Vebjørn og Oddbjørn   
onsdag 04. november 2009 21:22



Dei to første timane i dag bygde me ferdig brusfabrikken. Etter me hadde gjort det, laga me plakatar og skreiv om brusfabrikken; koss me laga den og koss me arbeidde med posjektet. Det var kjekt. Eg blei fornøgd med brusfabrikken.  Dei andre laga også sine prototypar ferdige. Etterpå delte me oss i to grupper; den eine skulle jobba med nettutstilling og den andre med ei vanleg utstilling. Nettutstillingsgruppa laga ei utstilling på data mens me andre laga ei utstilling av brusfabrikken og dei andre tinga som dei andre i klassen hadde laga. Eg var på den vanlege utstillinga og syntest det var kjekt. Me måtte bere bord til utstillinga og pynta med å leggja dukar over borda. Det blei fint. Etterpå bar me modellane opp og sette dei på borda. Plakatane har me ikkje hengt opp, men me skal gjera det i morgon. Me må stryka dukane fordi dei var litt ruglete. Det gleder eg meg til.

VebjørnSmile

Den første timen fann me fram alle tinga, teip, papp osv. Me bygde vidare på prototypen vår. Me tok taket på modellen, og så skjønte me at det var altfor laust. Derfor fant Anne og Aslak ein trepinne som støtta opp heile taket. Eg skreiv namna på dei ulike husa i modellen, som skal ligga under sjøen i Sandsfjorden, midtfjors faktisk. Då alle prototypane var ferdige, blei klassen delt i to grupper; ei nettutstillingsgruppe og den andre som skulle laga ei fysisk utstilling i gongen på skulen.

Nettgruppa skulle skanna bilde og legga dei ut på nett. Den andre gruppa skulle laga ei utstilling med prototypane som me har laga. Joakim skanna inn skisser, mens me andre planla nettutstillinga med ein haug med bilete. Eg og Peterson fann på ting me skulle jobba med og kva me skulle ta bilete av. Sjølv om me var delt i fira grupper, skulle alle hjelpa alle gruppene med å bli ferdige med å laga eit forslag til korleis nettutstillinga skulle sjå ut; kva bilete me hadde, og kva bilete me trengde til nettutstillinga vår. Etterpå brukte me datamaskinane til å finna bileta me skulle ha til nettutstillinga. Då me skulle manipulera dei, gjekk med inn i eit bileteredigeringsprogram for å lage anten bileta større eller mindre, som regel mindre. Me lagra dei ferdigredigerte bileta i utstillingsmappa vår. Me får kanskje begynna å jobba med nettutstillinga i morgon. Dessutan har me lært å bruka lærarprogrammet Joomla.

OddbjørnCool

Sist oppdatert torsdag 05. november 2009 19:10
 
Kvitebjørnen 2. november 2009 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Torunn, Tim og Peterson   
tysdag 03. november 2009 14:14



Måndag 02.11.09 var me nede i K&H-arbeidsrommet. Der laga me prototypar av det me ville ha nytt på Sand. Eg var med Mikkel, og me laga ein utekino på stranda. Me sette lerretet ute i sjøen (stolpar nede i vatnet) slik at publikum kan sitte på stranda om kvelden og sjå på film. I tilfelle det hadde begynt å regna, lagde me ei kappe over personane og lerretet. Det var ikkje så veldig enkelt å lage det. Me brukte papp, maling, papir, osv.. Eg begynte å lage tre av papir. Mikkel begynte med stranda og lerretet. Me laga modellen på papp. Det som var litt vanskelig var når me skulle feste tinga på pappen fordi limen ville ikkje setja seg skikkelig fast. Derfor måtte me halda litt lenge på det som skulle limast. Me malte på kappa med blått og gule stjerner. Den er me ikkje ferdige med.


Dei andre gruppene laga brusfabrikk, opplevingssenter og nytt sentrum. Dei som laga brusfabrikk var Tim, Vebjørn og Amalie. Opplevingssenteret laga Aslak og Oddbjørn, og  nytt sentrum var det Peterson og Sjoerd som laga.

Torunn

På måndag  2.11.09 laga eg, Vebjørn og Amalie modellen av brusfabrikken som eg og Vebjørn hadde teikna. Først laga me hovuddelen av fabrikken. Den er forma som eit rektangel og er ca. 30 cm lang og 20 cm høg. Då Amalie heldt på med det, ville eg og Vebjørn begynne med brusflaskene, men me fann ut at Vebjørn hadde glømt flaskene heima, så han måtte springa og henta dei. Imens hjelpte eg Amalie med hovuddelen av fabrikken. Etter 15 minutt kom Vebjørn tilbake, og då begynte me å fylle brusflaskene med maling og vatn. Då me var ferdig med det, begynte me å lage lappane til flaskene. Då me var ferdige med det, var me ferdige med alt. Den fabrikken skal stå der meieriet står.

Ei av dei andre gruppene, Torunn og Mikkel , laga ein modell av ein gigantisk kino som skal ligge med kaia når  brua skal komme. Aslak og Oddbjørn si gruppe laga ein modell av ein underjordisk fritidspark og hotel. Den skal ligge under eit  stort fjell. Den fjerde gruppa, som består av Peterson og Sjoerd, laga ein litt mindre modell av Sand som har mange turistattraksjonar som fotballstadion, safari, akvarium og eit flytande sirkus. 

Tim


På torsdag blei me delt opp i to grupper, og eg var i gruppe 2. Me måtte finna på nye ting på Sand. Mi gruppe kom fram til at me ville gå vidare med 2 idear. Den første ideen var min ide. Eg hadde tenkt å teikna korleis det nye torget kunne sjå ut. Den andre ideen var noko om ein kino, men den var ikkje eg med på. Eg og Sjoerd tenkte å laga ein ny strand fordi det skal komma ei  bru litt seinare og ferja skal slutta å gå. Derfor kunne me rasa heile kaien og laga ei ny strand der ferjekaien er nå. Me hadde og tenkt på korleis me skulle få folk til å komma og bada her og gjera andre ting. Derfor tenkte eg og Sjoerd at me og kunne laga eit akvarium, ein dyresafari og eit flytande sirkus som folk måtte symja til for å sjå førestillinga.



Først teikna me det på eit ark og etterpå måtte me laga prototypar. Me begynte å laga  den i dag, men det er me to ikkje heilt ferdig med enda. Me laga vår med treklossar, papp, papir, maling og blyanter.

Dei andre gruppene lagde ein Rasmus Løland fornøyelsespark, ein brusfabrikk og ein utekino.

Peterson

Sist oppdatert tysdag 03. november 2009 20:02
 
Kvitebjørnen 30. oktober 2009 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Sjoerd og Amalie   
fredag 30. oktober 2009 18:23



I Kvitebjørn-prosjektet i dag jobba me vidare med tankekarta me arbeidde med i går. Me måtte bestemma kva prosjekt me skulle arbeida vidare med. Magni hadde gitt oss fine tilbakemeldingar.  Me sette oss i gruppene igjen, og då skulle me jobba vidare med prosjektet. Gruppa mi vart delt i to der me jobba med to ulike prosjekt. Den eine gruppa ville endra torget og ferjekaien medan den andre gruppa arbeidde med å laga ein utandørskino.

Nokre grupper kom så langt i arbeidet at dei fekk ferdige skisser og kunne ta til med å byggja ein prototype av korleis det kunne sjå ut. Til å hjelpa oss med dette arbeidet fekk me hjelp av Peter Tijhuis som arbeider med innovasjon til dagleg. Me takka han for hjelpa. Det var kjekt å jobba med dette fordi me kunna bruka fantasien vår til å finna ut korleis me ynskjer det skal sjå ut i Sand sentrum. Det skal bli kjekt å jobba vidare med prosjektet på måndag. Då skal gruppa mi jobba vidare med å utvikla ein prototype over korleis sentrum bør sjå ut dersom me får bestemma.

Sjoerd 

               

Me hadde kvitebjørprosjekt i dag, og då jobba me utfrå tankekartet me laga i går. Me hadde Peter Tijhuis med oss, og me sette oss i fire grupper og begynte å lage design. Mi gruppe begynte å jobbe med og lage fabrikk. Me fann opp nye brusflasker og brussmakar, laga teikningar over romma og korleis frabrikken skulle sjå ut. Me teikna skisser over korleis frabrikken skulle sjå ut. Det var kjekt å arbeide med å lage frabrikk for me kunne finne opp kva me ville og lage eit bygg med fantasien vår.

Amalie

 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates