Sandeid
Siste dag PDF Skriv ut E-post
Skrive av Eli Gjærde   
onsdag 11. november 2009 14:08

Fredag 6.november

Me har slutta av Kvitebjørnen for denne gong. Dette skreiv elevane i bloggane sine då dei var ferdige med arbeidet.


Me bestemte oss for å laga hyttetomter på Fjellstøl. Det blei ein suksess. På plassen hadde me hytter, kiosk, minigolf, reiler, skitrekk, idrettshall og ei lang elv med bru over. I enden av elva var det ein fiskedam Me lage sjølvsagt også litt folk. Når vi var ferdig sprayet me snøspray på.
Det var kjempekjekt.

Helsing
Jonas, Jan, Randi og Amalie.


Me bestemte oss for å laga ungdomsklubb i Sandeid (dataklubb). Me diskuterte korleis det skulle sjå ut og bestemte oss for at me kunne bruke samfunnshuset. Til golv brukte me ei treplata og til møbler brukte me papp. Då Sofie og Anna skulle laga mennesker brukte dei piperensarar og pappkuler til hovud. Me brukte også farga bomull til hår og tøy til klede. Då me skulle setja tinga på plass teikna me ein kladdeteikning. Me limte alt på treplata etter å ha malt alt.
Detta var kjempekjekt, men også litt vanskeleg å klippa ut møbler. Det har me lyst til å gjera igjen.

Helsing
Roy Tore, Steinar, Anna og Sofie.


Me blei einige om å laga "KAFÈ NETT". Me brukte papp, tapet, filt, tre og masse meir.Me sto på og gjorde det besta me kunne. Me var kreative og brukte fantasien vår godt. Me blei fornøyde med utstillinga vår. Det var eit kjekt Kvitebjørnen-prosjekt og me håper me kan gjera dette til neste år og.

Helsing
Vilde, Sivert og Henriette.


Me valgte å lage ein golfbane. Me brukte grøn filt til bane og gul filt som flagg. Me tysja med svart sprittusj. Me brukte kvite, runde perler til golfballar. I tillegg brukte me blå filt til dammar. Me bestemte oss for at golfbanen skulle heitte "Golfhode". Til kiosk og wc brukte me kvit papp. me laga mennesker ut av piperensarar, Golfkøllenen og flaggstengene var tannpirkerar. Til skilt brukte me blomsterstenger og papp og isopor til støtter. Sånn var vår golfbane.
I starten var me litt skeptiske til kva me skulle velge, men me blei til slutt einige om golfbane. Det var kjekt, men av og til var me litt ueinige.

Helsing
Magnus, Phadung og Sølvi Marie.

Sist oppdatert onsdag 11. november 2009 18:47
 
Dag 6 og 7 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Eli Gjærde   
måndag 02. november 2009 15:02

Torsdag 29.oktober og Måndag 2.november

No er me i full gong med å laga modellar av våre idèar. 
Arbeidsinnsatsen er på topp.

 

 

Sist oppdatert måndag 02. november 2009 15:15
 
Dag 5 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Eli Gjærde   
måndag 02. november 2009 14:39

Måndag 26.okt

I dag skulle me laga ei problemstilling. Det var vanskeleg, men alle fire gruppene klarte det til slutt. Når timen var slutt hadde me desse problemstillingane på plass.

Gruppe 1: Korleis kan me bruke den flott naturen vår, for å få fleire folk til Sandeid,
               slik at vi kan få fleire butikkar i Sandeid?

Gruppe 2: Kva kan me gjera for å få flest mogleg turistar til Sandeid?

Gruppe 3: Korleis kan me utnytta samfunnshuset til å laga ein ungdomsklubb?

Gruppe 4: Kva kan me gjera for at fritida til barn og unge i Sandeid skal bli betre?


Etterpå måtte me på gruppa bli enige om ein idè me kunne bruka for å få til problemstillingane. Me klarte å bli einige og sette i gong med å lage ei skisse.
Idèane me blei einige om å jobbe med var: ungdomsklubb, internettkafè, golfbane og hyttefelt.


 



Sist oppdatert måndag 02. november 2009 15:01
 
Dag 4 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Eli Gjærde   
måndag 02. november 2009 13:47

Fredag 23.oktober 

I dag har me snakka om kva Sandeid treng for å bli ein endå betre plass å bu.
Nokre av idèane våre var:
- Bakeri og kafè.
- Fleire butikkar, snopebutikk
- Campingplass
- Idrettshall
- Ungdomsklubb
- Golfbane
- Internettkafè
- Svømmehall
- Bowling
- Hotell
- Fleire hyttetomter
+++  

 
Dag 3 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Eli Gjærde   
måndag 02. november 2009 09:30

Torsdag 22.oktober.

I dag har me vore på oppdagingsferd i nærmiljøet vårt. Klassen blei delt i grupper, som skulle arbeide saman. Alle gruppene fekk gå ut for å ta bilete av ulike ting i Sandeid. Det var veldig kjekt.



           


 




       
            
        

Sist oppdatert måndag 02. november 2009 13:45
 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates