|
Skrive av Lars Fivelstad
|
|
onsdag 30. desember 2009 20:12 |
|

Som de kan sjå av den siste bloggen frå elevane, har arbeidet med Kvitebjørnen i haust både vore inspirerande og kjekt. Arbeidet enda opp med ei nettutstilling og ei fysisk utstilling. Denne siste inneheldt både teikningar, bilete, tekstar om emna elevane hadde arbeidd med - og ikkje minst fine og fantasifulle modellar. Gjennom teikningane og modellane fekk elevane gje uttrykk for korleis dei kunne tenkje seg framtidsløysingar både for skulen vår og for samferdsla i bygda. Utstillinga var fyrst montert i eit klasserom, men vart i samband med juleavslutninga flytta til vestibylen på skulen. Då kunne både foreldre, besteforeldre, syskjen og mange andre få studere arbeidet som elevane presenterte. Arbeidet med Kvitebjørnen har vore gjevande og interessant også for lærarane som har hatt ansvaret i haust. Vi vil såleis få takke for eit flott opplegg i haust, og ser fram til framhaldet neste skuleår. Vi ønskjer og eit godt nytt år til dykk alle!
Med helsing, oss på mellomsteget ved Sunnylven skule.
|
|
|
SISTE BLOGG FRÅ 7. KLASSE PÅ SUNNYLVEN SKULE |
|
|
|
|
Skrive av Lars Fivelstad
|
|
søndag 13. desember 2009 12:40 |
|
No er vi ferdige med kvitebjørnen. Her er ei lita oppsummering av det vi har gjort: Vi har hatt om samfedsle og skule. Vi høyrde forteljing om ein fisketur. Vi høyrde også historia om bjednekniven. Begge historiane var kjekke. Vi har besøkt gamleskulen her i bygda. Vi har også sett på den gamle postvegen her på Hellesylt. Det var morosamt. Vi har også hatt om framkomst på vatnet. Vi såg på skule og samferdsle i fortid, notid og framtid. Det var svært interessant å sjå kor mykje betre skulane er no, enn før. Når vi hadde om framtida, laga vi modellar. Det var det kjekkaste synes vi elevane. Når vi hadde om notida tok vi bilete av vår vidunderlege skule. Etterpå laga vi nettutstilling som blei veldig bra. Du bør sjå den!! Det har vore ei fin tid med kvitebjørnen. Alle vi i klassa gler oss til å ha kvitebjørnen neste år!
Vi sjåast!!!
Helsing oss i 7 klasse:
Elisabet, Jarl Vegard, Kristin, Sigurd, Terese, Lars, Anette, Jørgen, Irene, Ola Tobias og Anne Grete.
Denne bloggen er skriven av Anette og Terese
Sunnylven skule.  |
|
Skrive av Lars Fivelstad
|
|
søndag 13. desember 2009 12:23 |
|
Vi har jobba med modellane våre ei stund, og nokon er ferdige. Tysdag 8.desember, fekk vi endå meir tid til å bli ferdige med modellane våre. Nettutstillinga begynner å bli bra også.
Vi 7. klassinga får litt ekstra tid til å jobbe med modellane våre når 5. og 6. klasse held på med noko anna.
Det er veldig kjekt å arbeide med modellane, sjølv om vi nokon gongar kan bli litt irriterte over at ting ikkje går som det skal.
Irene |
|
Sist oppdatert søndag 13. desember 2009 12:33 |
|
Skrive av Lars Fivelstad
|
|
tysdag 01. desember 2009 13:48 |
|

Vi arbeidar med modellane våre no. Vi lagar alt frå teknisk tavle til flygande hus. Nokre av ideane er veldig gode. Vi brukar både papp, plastilin, lego og gips. Vi målar, teiknar og formar modellane våre. Modellane blir veldig fine. Det er veldig kjekt og arbeide med dette. Vi arbeider også flittig med nettutstillinga vår. Vi har delt det inn i to grupper, samferdsle og skule. Vi har hatt om skule og samferdsle i fortid, notid og framtid. For oss er det veldig morosamt og jobbe med dette. Sjette og femte klasse er også med oss og arbeider. Men det er berre sjuande klasse som skriv blogg og lagar nettutstilling.
Kvitebjørnen er morosamt!
I kvitebjørnen har vi arbeida med samferdsle og skule. I samferdsle har vi hatt om den gamle postvegen. Postvegen var veldig vanskeleg før i tida. Dei måtte gå over eit fjell som heiter Ljøbrekka. Vi har også hatt om sjøvegen. Alt frå dampbåtar til ferjer. I skule har vi hatt om dei gamle skulekrinsane på Hellesylt. Vi har hatt om då det var omgangsskule og om den skulen vi har i dag. Vi har også hatt om skulen i framtida.
Dette blir ikkje den siste bloggen frå oss! ☺
Anette og Terese. |
|
Sist oppdatert tysdag 01. desember 2009 14:03 |
|
Skrive av Lars Fivelstad
|
|
tysdag 24. november 2009 19:35 |
|
Den 20. november har alle gruppene prøvd og ferdigstille arbeidet. Alle gruppene har kome med idear til kva som skal skje i framtida med både skulen og samferdsla og teikna ideane. I dag har vi har teikna ferdig fellesteikningane på gruppa og dei individuelle teikningane våre. Når vi er ferdig med det, skal vi skrive ferdig det vi har starta å skrive om, og planlegge nettutstillinga vår.

We ♥ kvitebjørnen!!
Blogg av: Elisabet og Terese
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |