Undheim
Open dag PDF Skriv ut E-post
Skrive av Margun Vesterøy Eide   
onsdag 11. november 2009 22:15

Rasmus Loland ser utstillinga

Open dag

Tysdag 10.nov. hadde me "Open dag" på skulen. Då var foreldre, besteforeldre, tanter, onklar - ja alle, velkomne til skulen vår. Me hadde pilkast, utlodning, skopussing, kafè ....... Vår klasse hadde Rasmus Løland quiz, sal av laga kort med Løland sitat og gjetting av vekt på Rasmus Løland-bøker. Sjølvsagt viste me fram den flotte utstillinga vår "Fantasi og skaparkraft". Mange synest me hadde vore flinke. Då blei me stolte.


Folk er interesserte


I går viste me utstillinga vår til folk på Onnai. Dei likte utstillingane våre. Me hadde modellar av ting. Eg hadde laga framtidas cola. Det var også modell av Onnai i framtida.

Skrive av Tormod


Rannveig skriv:

Me hadde utstilling av plakatar på innsamlingskvelden.  I tillegg selde me kort med setningar som Rasmus Løland skreiv.  Me hadde og quiz om Rasmus Løland.  Det var mangen som hadde rett på quizen.  Me trakk ut ein vinnar.  Me som var med på kvelden var elevar frå 5. - 10.trinn.  Ungdomsskulen laga mat til alle.  Mellomtrinnet hadde konkurransar med premie til.

 

 

Takk for oss for denne gong.  Me har lært mykje og gjort mykje kjekt.Wink

Sist oppdatert fredag 13. november 2009 12:41
 
Modell-laging PDF Skriv ut E-post
Skrive av Margun Vesterøy Eide   
torsdag 05. november 2009 18:57

Hei igjen!

Me held på med eit prosjekt om Undheim i fortid,notid og framtid.  Eg og dei eg er med lagar ein model av Undheim i framtida.  Me har tenkt oss at framtida vil bringe tog og vindmølleparkar.  Det blir spanande med nettutstillinga, for då kan me sjå kva dei andre skulane har gjort.  Store forventningar frå Undheim skule.

Skriv av VegardCool

 
Arbeidssomme elevar PDF Skriv ut E-post
Skrive av Margun Vesterøy Eide   
torsdag 05. november 2009 18:10

Denne veka har me laga ferdig nettutstillingane og plakatane. Me skal visa utstillinga på den "opne dagen" me skal ha på skulen neste tysdag.  Sånn at alle kan bli kjent med Rasmus Løland.  På den "opne dagen" skal me samla inn penger til ein barneheim i Bolivia.  Alle klassane på skulen har noko som dei skal selge og vise fram t.d. mat, kaffi og andre ting.  Vår klasse skal vise fram Rasmus Løland, selja kort med Lølandsitat og ha Løland quiz . Dei kan òg gjette kor tunge nokre Løland -bøker er.  Alt dette må dei betala for og dei som vinn får premie.

Vår gruppe har nå tatt mange bilete av kapellet vårt, intervjua presten vår og me har hatt det kjempetravelt. Eg er på gruppa med Ragnhild og Oda. Me hadde om kapellet på Undheim.  Andre i klassen har om skulen, handelslaget, samfunnshuset og om Undheim sitt landskap.

Helsing May Lise Smile

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert torsdag 05. november 2009 18:38
 
Fotografering PDF Skriv ut E-post
Skrive av Margun Vesterøy Eide   
torsdag 29. oktober 2009 12:51

Torsdag

Alle elevane har no fått eit oppdrag der dei skal fortelje noko om Undheim i gamle dagar, korleis det er i dag og tankar og fantasiar om korleis framtida vil vere.  Interesse og pågangsmot var stort.  Størst utfordring var å tenkje framtida.  Mange rare idèar kom fram om dette.

Vi har delt klassen inn i fem ulike arbeidsgrupper. Kvar gruppe fekk eit kamera, skriveblokk og blyant.  Så vart dei sende rundt i bygda for fotografering. Her kjem nokre erfaringar frå dagens arbeid:

 

Anita skriv: Embarassed

Eg er på ei gruppe med 3 personar. Me har om samfunnshuset her på Undheim.  Me har vore å kikka litt og teke bilete av samfunnshuset.

Morten skriv: Laughing

Mi gruppe har valgt å ha om Undheim skule.  Vi gjekk og såg kor vi kunne ta bilete av skulen.  Vi tok litt bilete.  Det var 4 personar i gruppa mi.  Tidlegare hadde vi ein annar skule som låg ein annan stad.

Ragnhild skriv: Innocent

Mi gruppe valgte Undheim kapell.  Me intervjua presten på Undheim.  Han fortalte oss mykje.  Me har tatt mange bilete inne og utanpå kapellet.  Me var tre personar på gruppa mi.

 
Oppstart Rasmus Løland-veker PDF Skriv ut E-post
Skrive av Margun Vesterøy Eide   
onsdag 28. oktober 2009 21:42

Oppstart tysdag 27.oktober Cool
Det var kjekt å ha om Rasmus Løland igjen.  Me mimra litt om kva me gjorde i fjor. Me hugsa mykje.  Lærarane fant fram kista med nokre av bøkene som han skreiv f.eks Kvitebjørnen, Jakta på Bjednekniven og Gutane. 

Lærarane fortalde kva me skulle gjera i år og me kom med mange idèar.

Skrive av Alexander



Onsdag
I dag høyrde me historia "Fisketuren" av Rasmus Løland.  Me snakka om korleis Undheim var før i tida og korleis det er nå og korleis det kanskje kjem til å verta i framtida.  Me fekk sjå bilete av korleis skulen og Undheim såg ut før.  Me kom med heilt crayzy idèar, f.eks at me kan teleponerea oss frå ein plass til ein annan. Og at med kan ha rulletrapp i huset og at me kan ha romskip i plassen for bil. 
Det var kjekt å begynna med Rasmus igjen.  Me gler oss til å lesa andre sine blogg.  I morgon skal me ta mykje, og då meinar me mykje bilete av Undheim.

Skrive av Oda

Sist oppdatert onsdag 28. oktober 2009 22:04
 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates