|
Skrive av Terje Bråtveit
|
|
torsdag 19. november 2009 17:11 |
|
17.11.2009
Stor bygdefest med full gymsal.
7. klasse framførte skodespelet Ein skuletime med Johan Veka, og klassen hadde også ein utstilling av modellar av framtidige leikeapparat for Vinjar barneskule. Sjå NETTUTSTILLING !
Bloggar:
Skuespelet gjekk kjempebra. Nokre micar funka ikkje, men elles bra! Eg trur folk likte utstillinga. Eg var med å laga huske-trampoline og eit Dambrett. Det synest eg blei fint. Håkon
Då me skulle ha førestilling, var eg veldig nervøs. Men ikkje så nervøs som då me skulle spela for Levekårsutvalet. Me skulle snakka litt i begynnelsen, og då blei eg ikkje så nervøs. Eg skulle snakka litt langt ute i skuespelet. og då fekk eg venda meg til publikum. Malene
...Skuespelet gjekk ganske bra. Publikum lo av og til, og det er bra! Magnhild
I skodespelet var alle gamle ungar, men me hadde våre eigne namn, utanom Terje, for han var ein gammal lærar som er død nå, som heitte Johan Veka. Då hadde me ein vanleg skuletime, og me sat på gamle pultar. Det gjekk kjempebra, synest eg. Det var ganske mange som lo, så derfor var det sikkert bra. Lilly
Skuespelet ...
Me glømte ditt og datt, men ingen viktige ting. Det gjekk med andre ord strålande!
Men det kjekkaste var nok fyrverkeria. Dei var veldig fine.
Solbjørg
...Heile salen var full av folk, og på slutten var det mykje flotte rakettar. Store kaker var der og! Ola
...Det var kjekt å laga klatrestativ, ... det var kjekt å spela skuespel. Walter
Me framførte skodespel for ca 500 folk. Det var kjekt. Eg blei litt nervøs, men det gjekk bra. Eg hadde på meg ei kufta og eit strikkaskjørt. Elisabeth
|
|
Sist oppdatert fredag 20. november 2009 10:10 |
|
|
Framføring for Levekårsutvalet |
|
|
|
|
Skrive av Terje Bråtveit
|
|
fredag 06. november 2009 14:59 |
|
Blogg 06.11.09
I dag har me framført Johan Veka spelet for Levekårsutvalet, og det var veldig kjekt. Håper dei likte det. 17. november skal me framføre det for nåken hundre folk, på 50 års jubeleumet. Der skal me og stilla ut nåken modellar.
Walter
Me måtte ta pultane bak og så måtte me ta sofaen fram så dei fekk sitta litt godt. Når me framførte det, kunne me ikkje sjå på levekårsutvalet. Me skulle sjå på Terje eller på kartet. Det var veldig kjekt, og det gjekk bra. Me måtte snakka ekta suldalsk-dialekt. Det var litt vanskelig for me er ikkje vant med det.
Malene
Me framførte eit skodespel for ni personar som er i Levekårsutvale. Dei syntes det var kjempe kjekt! dei fekk sitta i sofaen framme, mens me satt litt lenger bak på pultane. Eg var sikkert ikkje den einaste så var så nervøs.. me hadde på oss gamle klede, og alle såg ut som om dei var kjempe gamle ungar.
Men ellers gjekk det kjempe fint!!
Lilly.
Me var ein klasse frå ca 50 år sidan. Me hadde gamle kler på oss. Jentene hadde skjørt og strikkajakke. Guttene hadde ei boksa og strikkajakka.
Magnhild..
I dag frømførte me skuspelet Skuletime med Johan Veka framføre Levekårsutvalet. De gjekk heilt greit. Dei sa til Terje at dei likte det… men kanskje de bare e nåke dei seie? Men me får nå håpa at dei likte de… Olav
Me hadde det bra med framføringa, og songane og gjekk heilt sånn som dei skulle
DANIEL
I dag framførte me skodespelet til 9 folk. De gjekk bra i begynnelsen, men rett før eg skulle sei det eg skulle sei, blei eg så nervøs at eg nesten gløymte ut kva eg skulle sei. Eg kom det, men eg gløymde nokre ord . Det var knallkjekt, og det såg ut som at publikum likte det fordi dei lo av og til. Spela skodespel vil eg gjer ein gong til. Me skal framføra det til ca 500 folk 17 November på skulens 50- års jubileum.
Elisabeth…
I dag framførte me skodespelet vårt frå gamledagar.
Det gjekk bra. Levekårsutvalet var og såg på oss. Me hadde gamle kler på oss, jentene hadde skjørt, kufta og ei lita sløyfe i håret. Gutane hadde ei kufta og ullsokkar.
Beate
|
|
Skrive av Terje Bråtveit
|
|
tysdag 03. november 2009 11:58 |
|
Mandag 2 november
I dag bygde me vidare på modell-leikeapparatet. Me lage ein haug der de ska gå ein mini-bowlingbane på den eina sida, og rutsjebane med hopp på andre sida, og imellom dei to går det ei trapp, og på toppen står det eit bord og benk.
Me har komt godt i gang, men det er litt vanskelig med minibowlingbanen. Frå nå av har me laga haugen av mange aviser så me krølla i samen, og så tok me ståltråd for å halda det på plass. Så rulla me gips rundt, og etterpå malte me han med mange fargerike fargar. Og me har komt halvvegs på minibowlingbanen. Me har ikkje kommet så langt med rutsjebanen. Viss me blir ferdig, har me eit leikeapparat til reserve, som me kallar spirrevippen. Me har berre ein måndag igjen til me skall vera ferdige, så me må vera effektive. vår skule skal ha 50 års jubileum den 17 november, så me skal stilla det ut på den dagen, så det blir over 500 folk som skal sjå på det.
Magnhild, Olav og Lilly =)
 
Me har bygt modellar til leikeaparat til å ha på øvreskulen. Det er ganske kjekt. Gruppa vår lager 1 hinderløypa og ei trehytte med klatrenett for å komma opp. Det skal vera ca: 3,5 m høgt og ca: 13 m langt. Me er nesten ferdig med klatrenettgreiene, og me har bygd hytta. Taket er hengsla som eit vindu, så me kan løfta det opp og sette ein klosse inni der så står det oppe. Me har malt den raud med glitter på. Me malte og døra på, men me fekk ikkje låv til å skjera ut med stikksaga og festa hengsler på døra. I virkeligheten skal hytta vera ca:2x2 m.
På hindreløypa har me laga
veggene + litt av hinderane og pynta litt på den. Me skal og har dessa hindera: klatre-hinder, krype-hinder og hoppe-hinder.
Walter, Ola, Bård Emil


|
|
Skrive av Terje Bråtveit
|
|
torsdag 29. oktober 2009 13:05 |
|
Blogg 29/10-09
Håkon,Malene,Solbjørg
I dag har me øvd på skuespel om Johan Veka og klassen hans.Me skal framføre dette for Levekårsutvalet og Rådmann fredag neste veke.Me skal og framføre det på Vinjar Skule sin 50 års dag (som er på 17 november 2009).
Me har på oss kufta og fodlaskjørt og gråe strikkasokkar. I skuespelet skal me snakka om forskjellige fag. Johan Veka seie forskjellige spørsmål, og då må me reisa oss og svara det som er rett. Me skal synge:
Sjå dagen sprett, Her ser me fagre fjord og bygder og Fager kveldsol smile,.
Detta har vore kjempekjekt fordi at me skal seie litt morosame ting. Me gle-grue til frammføringen. |
|
Bilete frå innøving av skodespelet |
|
|
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |