Sagvåg
Avslutningsblogg frå Sagvåg skule PDF Skriv ut E-post
Skrive av Hildegunn Sæbø Heimro   
torsdag 12. november 2009 22:15

Nå er me ferdig med prosjektet og i dag har me hatt Open dag på skulen,  med utstilling av alt me har halde på med innan Kvitebjørn-prosjektet.
Me laga til ein stand der elevane stod og viste og fortalde.
Det har vore eit interessant og lærerik prosjekt, og bloggane elevane har skrive viser at dei synes dette har vore veldig kjekt!
Prototypar PrototypeII

PrototypeIII PrototypeIV


Nokre av bloggane frå siste arbeidsdag:
* I dag måtte me bli ferdig med å laga modellen av fornøyelsesparken. Eg hadde det kjekt men eg stressa litt. Me klarte å bli ferdig.
* Eg synes dei på gruppa vår var flinke. Me blei ferdig med modellen av badelandet.
* I dag blei me ferdig med modellen vår, og eg blei veldig fornøgd.
* Eg synes me har jobba bra. Me blei ferdig i tide og har laga det me hadde tenkt. Me skal stilla dette ut så alle kan få sjå.
* I dag skal me stilla ut det me har laga. Eg trur folk kommer til å bli fornøgde med alt me har laga.
* Me har bygd modellar av eit kjøpesenter og gamleskulen. Me brukte papp og laga park ved sida av senteret.
* Me har laga modell av Jensaneset pg foreslått at der kan vera ei sandstrand. Det har vore veldig kjekt.
* No er me ferdig og me er fornøgd med gocart-banen.
* Me har gjort ferdig badestranda vår og no er me klar til utstilling. Håpar folk synes det er ein god idè.

Sist oppdatert fredag 04. desember 2009 12:17
 
Sagvåg skule, fredag 6. november PDF Skriv ut E-post
Skrive av Hildegunn Sæbø Heimro   
fredag 06. november 2009 13:03

Fredag 6. november:

I dag bygde me med lego. Det skulle vera ein skulptur av teikningen vår.

Eg synes det har vore gøy i dag. Me har bygd med lego, teikna ferdig teikningane og skrive på data.

Me har laga teikning og begynt å laga kva me tenkjer at det kunne vore på gamle Sagvåg skule eller Jensaneset.

Eg synes det har vore kjekt i dag. Me har teikna teikningar og bygd lego.

Det var gøy å halda på med lego.

Eg har lært å teikne og skrive på data.

Det har vore gøy å arbeide med prosjektet i dag.





 
4. og 5. november Sagvåg PDF Skriv ut E-post
Skrive av Aasne Vikanes   
torsdag 05. november 2009 21:50

Badeland, aktivitetspark, sandstrand, kjøpesenter........

Onsdag og torsdag har elevane vore ivrig opptekne med å laga modellar ut frå teikningane og planane dei arbeidde med tidlegare i veka. Og her kjem elevane sine kommentarar.........

•    Me skulle laga modell av fornøyelsesparken så me måtte mala, og bruka papp. Me kom ganske godt i gang egentlig!
•    Det som me gjorde i dag var at me teikna. Me fantaserte om kva me kunne hatt på Jensaneset i stadenfor båtbygging. Me valgte badestrand, og så begynte me å laga modell ut frå teikningen. Det var ganske gøy!
•    I dag begynte me å laga modell av fornøyelsesparken! Me har malt grønn bakke og me skal snart få hus og karusellar inn.
•    Me laga litt meir butikkar på kjøpesenteret, og så begynte me å mala gras. Og så skar me ut veggane på senteret.

 
Sagvåg skule 3. november PDF Skriv ut E-post
Skrive av Aasne Vikanes   
tysdag 03. november 2009 14:19

Etter at me var på Ottesen skipsbyggeri og såg oss om i går, har elevane i dag gått saman i grupper og dei er i gong med å tenkja og teikna framlegg til korleis området ved skipsbyggeriet kunne vore nytta på ein annan måte.
Sagvåg skule flytta inn i nye lokale for fire år sidan, og ei elevgruppe arbeider med korleis gamleskulen kunne vore nytta på ein ny og spennande måte.
Det er meininga at dette skal overførast til modellar.

Sjå bilete frå utfluktene her og vil du lesa om prosjekt tidlegare 7. klasse elevar har gjort ved Ottesen skipsbyggeri på Jensanes sjå her

Her er elevkommentarar frå tysdag:
•    Mi gruppe skal planlegge fornøyelsespark på Jensanes. Det går bra og er veldig kjekt
•    Me laga teikningar av eit badeland på Jensanes. Me teikna sklier, stupebrett, boblebad, kiosk, fossefall og undervannstunnell.
•    Eg syns det var kjekt å teikna eit kjøpesenter som kunne vera der gamleskulen var.
•    Mi gruppe arbeider med at det kan bli kjøpesenter på gamleskulen. Me diskuterte kva butikkar me kan ha der.
•    Det var kjekt i dag, for eg og Benedikte og Inger Marie teikna ein dyrepark.

 

Sist oppdatert tysdag 03. november 2009 14:34
 
BLOGG FRÅ SAGVÅG SKULE 2. nov. 2009 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Hildegunn Heimro   
måndag 02. november 2009 19:45

Me fòr til Jensaneset og då blei me delt inn i to grupper. Me hadde ei omvisning og så tok me bilete og teikna. Det var kjekt!

Me var på ein båtbyggeplass. Det var ganske spennande, synes eg.

Me gjekk til Jensaneset og så blei me delt inn i to grupper. Dei viste oss mange ting i husa og så skulle me teikna og ta bilete. Eg synes det var litt gøy.

Me var på Jensaneset. Der fekk me ei lita omvisning. Der var mange gamle ting. Det var kjekt.

Eg snes det var kjekt å høyre om ting dei gjorde før i tida.

Eg har lært litt om fortida og hatt det kjekt med prosjektet.

Me har vore på Jensaneset. Me skissa, tok bilete og var på omvisning. Det var gøy og slitsomt.

Me lærte masse om gamle og nye ting, og litt om gamle tida då dei laga båtar. Det var gøy.

 

 

 
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
RocketTheme Joomla Templates